Bergens Tidendes kulturredaktør teiknar 15/4 eit skremmebilete av sjeldan retorisk format i omtalen av eit framlegg frå regjeringa om ei tidsavgrensa prøveordning med såkalla catskiing.

Artikkelen er ei imponerande samling skjellsord sett frå ein kulturredaktør i Krinkelkroken sin ståstad – medrekna omgrep som kassaapparat, supermarked, aksjonær, pengesterk, materiell verdensanskuelse, bunnlinje, eksosspyende, kommersialisere, privateid, svensk, utdøende dyrearter og forurensing av havet.

For dei som ikkje kjenner saka frå før, er det lett å tru at det no er berre å rømme landet og gøyme i hjartet sitt minna frå påska 2017. Den siste velsigna vinteren før regjeringa, marknadskreftene og svenskane kom og øydela alt.

Øystein Torheim

Det kan då vere greitt å vere klar over følgjande:

1. Catskiing er å nytte ei trakkemaskin som uansett finst og blir brukt ved eit alpinanlegg til å frakte folk til utvalde toppar i nærområdet til skianlegget. Det er vanleg andre stader i verda, mellom anna for å redusere presset på utbygging av skiheisar og gondolar høgt til fjells.

2. Det regjeringa har foreslått, er å prøve ut såkalla catskiing i strengt regulerte former i ein avgrensa periode i eit avgrensa område rundt nokre få alpinanlegg (maks seks).

3. Sjølv i desse få, avgrensa områda vil det vere strengt regulert kvar og korleis catskiing kan føregå. Det blir berre tillate å køyre i faste traséar direkte knytt til alpinanlegga. Traseane skal vere regulert inn i arealdelen av kommuneplanen. Kommuneplanen er verktøyet storsamfunnet har for å gjere avvegingar mellom ulike interesser for arealbruk.

4. På toppen av alt blir dette berre foreslått som ei avgrensa prøveordning i seks år – knytt til seks alpinanlegg i Noreg der det på førehand har vore gjennomført ein kommuneplan-prosess.

Eid kommune har arbeidd med saka i fleire år i samarbeid med vårt lokale skisenter, Harpefossen. Vi har vore opptekne av ei slik sterk «innramming» av ordninga – nettopp for å unngå frislepp av motorisert ferdsel i fjellet. I vår arealdel av kommuneplanen har vi lagt inn mogelege trasear for catskiing til fem toppar rundt skisenteret. I resten av vår kommune vil alt vere som før.

Harpefossen skisenter er eigd av to lokale idrettslag – Haugen og Stårheim IL. Anlegget er drive takka vere eldsjeler og dugnadsinnsats frå hundrevis av frivillige, og gir ikkje ei einaste krone i utbyte. Det skianlegget gjev, er rett og slett høgare livskvalitet for alle som bur i Nordfjord ved at vi har eit flott nærskianlegg tilgjengeleg for barn, unge og vaksne.

Og ein ting kan eg love: Haugen og Stårheim idrettslag er ikkje i lomma på internasjonal storkapital. Eg skal ikkje avvise kategorisk at det også er svenskar med i idrettslaga, men i hovudsak kan redaktør Bjerkestrand stole på at det er trauste nordfjordingar.

Eldsjelene ved Harpefossen Skisenter er i alle fall ikkje livsfjerne kaksar. Det er folk som glade i naturen. Dei bur der, lever liva sine der, brukar all si fritid der gratis. Fleire av dei har flytta frå storbyen til Nordfjord nettopp for å leve i og med naturen. Dei har ein minst like sterk kjærleik for fjellet, villskapen og naturen som ein gjennomsnittleg kulturredaktør i Bergens Tidende.

Ved å tilby catskiing ser dei eit høve til å gjere den flotte naturen rundt skianlegget tilgjengeleg for endå litt fleire, og ha eit sidetilbod som kan vere med å styrke det økonomiske grunnlaget for å drive noko så krevjande som eit alpinanlegg i Distrikts-Noreg med avgrensa publikumsgrunnlag. Det har vi som lokale politikarar prøvd å finne gode ordningar for. Utan å gå på akkord med natur, miljø og ønskje om å halde på hovudregelen om ein fjellheim utan frislepp for motorisert ferdsel. Der er vi komne no – med tverrpolitisk støtte lokalt og regionalt frå Ap, Sp, KrF, V, Høgre og Frp.

Det fortener respekt. Det fortener at sjølv ein kulturredaktør i Krinkelkroken prøver å finne fram anna skyts enn kanonkuler mot eit så avgrensa og strengt regulert framlegg som det som her ligg på bordet.

Du er velkomen til Nordfjord og Harpefossen for å sjå, Frode Bjerkestrand. Det er lett å bruke store ord om ting ein ser på avstand. Men ein ser ofte betre på nært hald. Kanskje får du til og med auge på kjærleiken til naturen.