Kor mykje energitap det blir i desse nye kablane? Etter eit overføringstap i kablane, kjem straumomforminga, først i frå veksel til likestraum, så til vekselstraum igjen, og her er det snakk om store tap. Er dette akseptabelt når det kjem til slike enorme mengdar straum?

Du seier og at inntekter frå dei eksisterande utanlandskablane kjem norske straumforbrukarar til gode, då reknar eg med at det er me som og får rekninga på avgifter og produksjon av desse nye kablane, også eventuelle negative tal i eksporten? Og når det er fri flyt av kraft ut av landet, vil naturlegvis dei norske straumprisane leggja seg på dei utanlandske, dette kan jo bli brutalt med tanke på at i f.eks. Storbritannia er staumprisane dobble iforhold til dei norske.

Og kvifor skal me kunna eksportera meir straum enn me forbruker sjølve? Kva hjelper det klimautfordringane i EU, at me må importera urein kraft frå EU for å dekka vårt eige forbruk?

Det er og godt å høyra statsråden ha omsut for klima og miljø i EU, men å seia at norsk vannkraft kan utgjera noko særleg forskjell i energimiksen i EU, er vel å ta litt kraftig i? EU produserer ca. 1500 GW, Norge 16,34 GW!

Om me legg alle våre vassdrag, verna og uverna, i røyr til EU, så vil dette utgjera rundt 1,1 prosent poeng av EU’s samla energiproduksjon. Sender me berre det me ikkje brukar snakkar me om kun 1,69 GW altså 0,11%, så eg syntest det er litt ambisiøst å tru at me hjelper EU bli grønare av den grunn.

Utveksling av overskot av norsk vannkraft som i dag, er eg heilt med på. Utvekslinga mot Danmark funkar heilt greit i dag, men kvifor auka dette mot Nederland og Tyskland når NVE bekrefter at kontakten med desse landa gjer høgre prisar! Kraftprodusentane tømmer magasina og skapar såleis høgare prisar på straum her heime!

Dette er ikkje å ta omsyn til folket, som du Terje Søviknes seier det er.

Det er rein marknadskontroll! Verdiskaping burde skapast i, og for Noreg fyrst og fremst, ved å forsyna oss sjølve med vår eiga reine kraft, og ikkje minst å verna dei få urørte vassdraga me har att i Noreg!