**Den 24. april 2015** er det hundre år sidan folkemordet på armenarane fann stad i det Ottomanske Riket. To tredelar av armenarane som budde i regionen vart drepne; menn, kvinner, barn og eldre. Den dag i dag nektar Tyrkia for at drapa var folkemord, og legg mykje prestisje i å hindre andre i å hevda dette.

Sist vart dette illustrert ved reaksjonane på Pave Frans sin bruk av folkemordomgrepet. Saman med Armenia sin verdsomspennande kampanje for å få folkemordet erkjent, er dette klare teikn på at spørsmålet blir brukt i eit politisk og nasjonalistisk spel i Tyrkia, samstundes som det også legg band på store ressursar i Armenia. Eit oppriktig tyrkisk oppgjer med uretten vil også kunne løyse fleire av dagens menneskerettslege utfordringar i dei to landa.

Les også:

I Tyrkia avgrensar artikkel 301 i straffelova om å «fornærme den tyrkiske nasjonen» ytringsfridomen, og landet har dei siste åra fengsla flest journalistar i verda. Journalisten Hrant Dink vart dømt etter denne artikkelen før han vart drepen i eit attentat i 2007, og nobelprisvinnar i litteratur Orhan Pamuk har også vorte tiltalt for brot på artikkel 301. Begge våga å omtala det armenske folkemordet offentleg.

Avgrensa ytringsfridom og fornekting har også fleire konsekvensar. I mars fekk deltakarane på ein konferanse på Holocaust-senteret i Oslo sjå intervju med fleire tyrkarar i Aust-Tyrkia. Dei gav uttrykk for å vera særs letta over endeleg å kunne vedgå og fortelje nokon om dei grufulle hendingane deira forfedrar anten var vitne til eller var tvungne til å gjennomføra under massakrane og dødsmarsjane frå 1915. Dette hadde liggje tungt på samvitet i familien i fleire generasjonar i eit samfunn som ikkje tillèt open diskusjon om temaet.

Armenia er eitt av dei fattigaste landa i det tidlegare Sovjetunionen, og kampanjen for erkjenning av folkemordet bind opp store menneskelege og økonomiske ressursar. Konflikten vekkjer sterke kjensler hos armenarane, og er eit viktig grunnlag for vedlikehald av den sterke armenske identiteten og fellesskapen. Men han er også med på å halde fokuset borte frå andre utfordringar i dagens Armenia — korrupsjon, fattigdom, brot på menneskerettane og mistru mot dei som stiller kritiske spørsmål. 7. april vart seks politiske aktivistar arresterte. Dei hadde meldt frå om at dei ville demonstrere for eit skifte av den armenske regjeringa - på 24. april.

Utanriksminister Børge Brende (H) skreiv i ein kronikk i VG 10.4.2014 om hovudgrunnen til at statsminister Erna Solberg ikkje vil vera til stades i Moskva under paraden for 70-årsmarkeringa for slutten på andre verdskrigen: «Det er utenkjeleg å vere med på å hylle den krigsmakta som har skapt ny krig i Europa 70 år etter at vi sa 'aldri meir krig'». Statsminister Solberg kunne i høgaste grad nytta tilsvarande argumentasjon i samband med hundreårsmarkeringa for det armenske folkemordet i Jerevan 24. april i år, og delta ved arrangementet.

Folkemordskonvensjonen av 1948 har ikkje tilbakeverkande kraft juridisk. Likevel er det liten tvil om at det armenske folkemordet kan fordømmast som dette, slik også det jødiske Holocaust blir det sjølv det også fann stad før 1948. Raphael Lemkin, konvensjonens far, starta arbeidet i 1933. Norge bør ta ei meir aktiv rolle i å overtyde dagens Tyrkia om å ta eit oppriktig oppgjer med det deira forgjengar gjorde seg skuldige i. Slik vil tyrkarane kunne leggje tragedien bak seg og gå vidare, og Armenia vil kunne bli betre i stand til å bruke sine avgrensa ressursar på ei positiv utvikling i landet.

Medan det offisielle Norge avgjer kva for ordbruk som vil vera passande i denne prosessen, vil i det minste norsk deltaking på høgaste nivå under hundreårsmarkeringa 24. april bety mykje for etterkommarane til ofra.