Vi kan kanskje minne «biskopen» om Bibelens første bod: «Du skal ikke ha andre guder enn meg.» I Bibelen vert det også tala om falske profetar. Kanskje nyttigt lesestoff for vårt lands bispeadel og andre «kristne» leiarar?

Under full tv-dekning vart «biskopen» ført av sin ledsagar, Aslam Ashan, rundt i ein av Oslos tjuetals moskear. Imamar og andre muslimske talsmenn såg tydelegvis på opptrinnet som endå ein siger i islams erobringstokt. Dei verka sjølvsagt svært så nøgde der dei smilande følgde «biskopen» si framferd. I den grad «biskopen» denne gongen representerte Kristen-Norge og sitt embete så framstod han som ein slagen mann. Nærmast duknakka og lutande stod han framføre sine islamske overmenn.

Einkvar må jo ha lov til å lure på om både «biskopar» og andre representantar for det kristne Norge er plasserte i sine posisjonar for å lette islams innmarsj. Nyleg stod ein annan «biskop», Sigurd Oseberg, fram og var uroa over at det ikkje vart bygde nok moskear i Drammen.

Tidlegare «biskop» Andreas Aarflot deltok for nokre år sidan i ei muslimsk «julefeiring». Festen føregjekk på ein nattklubb i Oslo.

Er desse, saman med andre samfunnstoppar, plasserte i sine posisjonar av invandringslobbyen og innvandrarmiljø for å fremje eigne interesser så lenge dei har trong for drahjelp? Den dagen muslimar og andre framande har fått dei posisjonar i vårt land som dei ynskjer seg, vil slike verte sett på som forrædarar også frå den kanten. Og vil truleg verte handsama deretter.

For min eigen del synest eg Stålsett framstod som ein ynkjeleg figur. Han sa fram nokre «bamhjertighets»-frasar, støtta opp av Aslam Ashan.

Det er på høg tid å tenkje etter om eit folk kan overleve som ein fri nasjon med dei leiarane som vi har i dag. Det å gi slike leiarar tillit til å føre vår sak overfor framande erobrarar må, etter mitt syn, vere den sikre undergang.

Men folket sjølv kan endå avgjere si eiga framtid. I år 2001 er det nemlig val.

NORVALD AASEN, KVAMMEN