John Crane-Lips er ein av Europas leiande leverandørar av propellar, tetningar og lager. Av konsernets 1200 tilsette arbeider 130 i Noreg, dei fleste på Rubbestadneset i lokala til Wärtsilä, som selte propellavdelinga til John Crane-Lips for to år sidan.

Propellselskapet tek no namnet Wärtsilä Propulsion og går inn det finske eigarkonsernets marinedivisjon. Handelen føreset godkjenning av internasjonale konkurransetilsyn og nasjonale styresmakter.