Dette viser at organisasjonen ikkje meistrar oppgåva si. Her til lands har vi høyrt mest om landbruk. Men WTO har også appetitt på handel med velferd, utdanning og helse.

Dette skjer gjennom GATS-avtalen: General Agreement on Trade in Services. Målet er å stimulere for handel med tenester. I 1998 slo dåverande generaldirektør i WTO, Renato Ruggiero, fast at verken regjeringar eller næringsliv forstod den fulle rekkevidda av avtalen.

Det er ein dramatisk snuoperasjon når utdanning og helse blir lagt ut på den globale handelsmarknaden. Endå meir dramatisk er det at dette skjer utan offentleg debatt. Det er overtramp. Demokrati og deltaking blir ofra på kommersens alter. Politikken gir frå seg makt til marknadskreftene, folkestyret taper tillit og oppslutnad.

Grunnskule er enno ikkje lukrativ business her til lands. Men grunnlaget er til stades: Ein aktør som vil etablere ein grunnskule har krav på fri tilgang og likebehandling, og kan krevje statsstøtte. Den nye privatskulelova har lagt forholda endå betre til rette.

Ikkje nok med det. Mykje tyder på at den norske regjeringa er ein aktiv motor for å få fart på utdanningshandelen. I GATS-systemet snakkar ein om «The Norway Alliance». Noreg er ein velmeinande aktør som arbeider for utdanningskvalitet i u-landa. Men bak står land med sterke økonomiske interesser av å få fart på utdanningsbutikken.

Når regjeringa i ulike samanhengar forklarar haldninga si, kan ein tolke seg fram til to svar:

Det eine er formalistisk. Då blir det hevda at sidan grunnskulen i utgangspunktet er underlagt politisk og nasjonal styring, er ein i alle fall ikkje forplikta til å gi kommersielle aktørar statsstøtte. I beste fall er det von i tynt hengande snøre.

Det andre er meir pragmatisk. Det er ikkje så stor interesse for å handle med grunnskular, difor er det ikkje så farleg at vi har underskrive avtalen.

Dette er tåkepreik. Viss det er slik at det er lite interesse frå andre land og aktørar for å handle med grunnskuleopplæring, er det unødig med ein slik avtale. Og berre ut frå den minste risiko burde Noreg fjerne grunnskulen frå GATS-avtalen. Det bør gjerast både ut frå norske interesser og av omsyn til u-landa. Det vil dessutan bli eit bolverk mot å liberalisere helsetenester ytterlegare.

Noreg må ta mål av seg til å forhandle grunnskulen ut av GATS.

Anders Folkestad, leiar i UHO (Utdanningsgruppenes Hovudorganisasjon)