Norsk brannvernforening har avdekka skremmande manglar i branntryggleiken ved norske hotell, og meiner at hardare press må til for å få hotella til å følge lover og forskrifter på området.

— Kanskje er det eit økonomisk press som må til, seier seksjonssjef Thor Kr. Adolfsen i Norsk brannvernforening.

Statoil er eit av storkonserna som no vil vurdere sine hotellavtalar i lys av den nye undersøkinga.

Fryktar storbrann

Adolfsen fryktar at ei katastrofe vil skje dersom ikkje tryggleiken blir skjerpa.

— Vi er redde for at ein ny storbrann kan komme. Og hotell er ein type bygningar med potensial for katastrofar og svært store tap, seier han.

Siste større hotellbrannen i Norge var i Kristiansand i 1986, då 14 menneske miste livet på Hotel Caledonien.

For å unngå at noko liknande skal skje igjen, vurderer brannvernforeininga utradisjonelle tiltak. Internt har foreininga allereie drøfta å be storforbrukarar av hotellovernatting om å ligge unna dei hotella som ikkje følgjer lover og forskrifter.

Det er altså snakk om å få dei største norske selskapa, med Hydro og Statoil i spissen, samt dei store statlege og offentlege institusjonane, til å slutte å bruke hotell som ikkje oppfyller krava til branntryggleik.

Urovekkjande for Statoil

— Desse selskapa er storkundar, og kjøper titusenvis av hotelldøgn kvart år. Dei må kunne kreve at hotella som dei inngår avtalar med, kan dokumentere at branntryggleiken er ivaretatt, seier Adolfsen.

Storselskap som Hydro og Statoil vil gjerne framheve sin eigen fokus på nettopp tryggleik. Statoil aleine kjøper opptil 100.000 hotelldøgn i Norge kvart år, og selskapet avviser ikkje tanken om å reagere overfor dei som ikkje oppfyller krava til branntryggleik.

— Undersøkinga er urovekkjande. Vi kjem til å sjå nærare på den og deretter vurdere om dette skal få konsekvensar, seier informasjonsdirektør Wenche Skorge i Statoil.

Skorge understrekar at Statoil i utgangspunktet stiller ei rekke krav til sine hotellsamband.

— Skulle denne rapporten få fram i dagen ting vi ikkje er klar over, vil vi sjølvsagt gå vidare med det, seier ho.

Alvorlege manglar

Undersøkinga er basert på opplysningar frå 283 brannkorps og brannsynsrapportar frå 139 tilfeldige hotell.

Inspeksjonane avdekka manglar ved 131 av dei 139 hotella, og her er dei verste manglane som vart avdekka:

Feil ved rømningsvegar (69 prosent av hotella), feil i brannvegger (67 pst.) og feil på sløkkeutstyr/alarm/sprinkleranlegg (63 pst.). Vidare hadde heile 72 prosent av hotella mangelfull brannteknisk dokumentasjon, og 44 prosent hadde ikkje gjennomført den pålagde opplæringa og/eller brannøvingar for alle tilsette.

Press på pungen må til

— Alt dette er svært alvorlege manglar, men den manglande opplæringa er kanskje det aller verste, seier Thor Adolfsen i brannvernforeininga. - Vi er overraska over det dårlege resultatet, og dette viser at dei ansvarlege ved hotella ikkje tek branntryggleik på alvor. Det ser ut som om økonomisk press må til, og difor må vi vurdere slike tiltak som å be kundar ligge unna dei farlege hotella.

Adolfsen meiner krava ikkje er for strenge eller for dyre å gjennomføre.

— Dette er krav som er basert på heilt nøkterne risikovurderingar. Vi må kunne kreve at tryggleiken blir ivaretatt; det skal ikkje vere farleg å bu på hotell i Norge, seier han.