Her blir Hyllestad framstilt som «pionerkommune» på området — samtidig som artikkelen gjennom vinkling og kjeldebruk framhevar problemet som serleg omfattande i vår kommune.

Etter at eg vart gjort kjent med oppslaget, kontakta eg dei opne kjeldene det blir referert til i artikkelen. Etter samtaler med Hyllestad lensmannskontor, Krisesenteret i Florø og vår eigen sosialleiar, viser fakta at det har vore 2 - to - innleggelsar av utanlandske kvinner ved Krisesenteret - begge knytt til same mannsperson busett i Hyllestad.

Med grunnlag i så spinkle fakta - kva rett har Bergens Tidende til å skrive generelt nedsetjande om folk og forhold i vår kommune?

Bergens Tidende gjer eit stort nummer av ein namngjeven Hyllestad-mann sine aktivitetar for mange år tilbake. Denne personen gjekk bort den 3. januar 1993. Eg høyrer til dei som meiner at dei døde skal få kvile i fred - men konstaterer at for Bergens Tidende er ikkje meir enn ti år i grava nok til å vise så pass mykje pietet.

Dessutan: Denne personen har attlevande pårørande. Med kva rett trakkar Bergens Tidende på desse menneskja?

Og: Kva i all verda har noko som ligg 10-15 år tilbake i tid - og som var knytt til ein no avliden person - med dagens forhold å gjere?

Vi har parforhold i Hyllestad der den eine av partane er av utanlandsk opphav. Dette er ektepar/sambuarpar med born og jobbar og hus og heim og som lever som folk flest i vårt lokalmiljø. Fleire av desse opplevde naturleg nok BT si vinkling som svært ubehageleg.

Med kva rett trakkar Bergens Tidende på desse menneskja?

Det er serleg beklageleg at ei så pass stor avis som Bergens Tidende ikkje klarer å behandle dette problemet på ein seriøs måte. Den grove utnyttinga av utanlandske kvinner som utan tvil går føre seg i aukande omfang, må så avgjort bli tema både for media og politikarar. Når vi har hatt to innleggelsar på Krisesenteret med utgangspunkt i Hyllestad, så er det sjølvsagt to for mykje. For min del trur eg ikkje vi kjem uvesenet til livs med nye kontrolltiltak. Det ville medføre ei så pass omfattande overvaking av folk sitt daglegliv at dei fleste ville finne det demokratisk uakseptabelt.

Dette er eit individuelt problem knytt til einskildpersonar, og det må handsamast som det. Det betyr at vi som einskildmenneskje må vise ansvar og seie frå om uakseptable forhold når vi oppdagar dei - sjølv om det er ubehageleg. Dernest: Eg trur det ville vere ei god hjelp om vi fekk ei lovendring der «importørane» vart gjort økonomisk ansvarleg for dei kvinnene dei er med på å lokke til landet for å utnytte dei på det grovaste. La dei betale for kvinnene sitt opphald i landet. La dei betale for heimreisa og avkrev dei gjerne ein rund sum til reetablering i heimlandet etterpå. Sjølv om dei demonstrerer ein suveren menneskeforakt, så har dei kanskje så stor omsut for sine eigne spareskillingar at det i seg sjølv kan verke preventivt.

Harry Mowatt, ordførar i Hyllestad kommune