OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bergens-tidende.noStord— Som om vi ikkje har nok vondt frå før under slike høgtider, seier Nils Jakob Tveit, far til 17-årige Bjarte Tveit frå Kvinnherad som omkom i forliset. Familien Tveit fekk den offisielle "Sleipner"-rapporten postsendt frå Justisdepartementet på vesle julafta.- Når departementet ikkje hadde fått frå seg rapporten før, kunne dei ha venta iallfall til jula var over. På framsida av rapporten er det bilde av "Sleipner", her blei vi på ny minna om tragedien. Eg måtte gøyma bort heftet for dei andre i familien, seier Nils Jakob Tveit, som meiner departementet her har utvist lite forståing for dei vonde kjenslene som dei etterlatne enno slit med.- Vi reagerte også straks på at vi fekk rapporten nesten midt oppi julefeiringa. Vi valde å gøyma raporten bort i ein krok utan å sjå på han, seier Anne Grethe Aasbø frå Haugesund. Ho er mor til 16-årige Arne Halvor Aasbø som også var blant dei omkomne i "Sleipner"-forliset.Tove Følid i Bergen er einig i at "Sleipner"-rapporten ikkje var ei heldig "julehelsing" frå Justisdepartementet. Ho mista sin einaste son, Wim Christer (18) i forliset ved Bloksene 26. november 1999. Tove Følid fekk rapporten i romjula, og har valt å venta med å opna pakken.