Forsøksdyra sin dag, 24. april, er innstifta for å minne om desse dyra som fell utanfor vanleg lovverk og som lir og døyr i det stille — ute av auge og ute av sinn.

98 prosent av alle dyreforsøk er vurdert som resultatlause, og 95 prosent av alle legemiddel som er testa på dyr har ikkje den same verknaden på menneske. Det er ei åpen vedgåing at tallause dyr som er blitt blinda, brende, forkrøpla, svelta, forgifta og narkotiserte aldri hadde behøvd å lide. Men trass i at stadig fleire legar og vitskapsfolk står fram og dokumenterer at dyreforsøk er feilslått forsking, fortset forskarane å torturere dyr under det forslitne slagordet - «til menneska sitt beste».

Det finst pålitelege, rimelege og effektive alternativ til dyreforsøk, som dataprogram, kjemiske metodar og cellekulturar. Likevel har EU-kommisjonen foreslått ei sikkerheitstesting av over 30.000 vanlege kjemikalier på dyr, noko som årleg vil koste ein halv million dyr livet. Uskuldige dyr må lide for vår usunne, kjemikalieavhengige livsstil.

For ei tid sidan blei seks hundar frigitt frå eit forsøksdyroppdrett i Norge av aktivistar frå Dyrenes Frigjøringsfront. Dyrevernorganisasjonane stiller seg ikkje bak slike ulovlege aksjonar, men det er eit tankekors at ikkje-valdelege frigjeringsaksjonar av dyr som er destinerte for tortur og innesperring, blir omtalt som terrorisme, medan dyremisbrukararne går fri. Hadde ein person utanfor laboratorieveggene utsett dyr for elektriske sjokk, brent dei med strykejern, forgifta dei langsamt eller nekta dei søvn i vekevis, så ville vedkomande blitt tiltalt for dyremishandling. Når det same skjer i ly av laboratorieveggene kallast det ikkje lenger mishandling, men vitskap.

Korleis kan vi unngå å sjå overgrepa, brutaliteten og kynismen i eit system som misbrukar dyr i alle tenkelege samanhengar? Går vi med skylappar på, fordi sanninga er for ubehageleg?

JENNY BERG-ROLNESS,

FLORØ