Den aukande forbrukskurva av straum er framleis ute av kontroll. Ingen prøver å ta kontroll. Samstundes vert det hevda at me treng sårt meir krafttilførsle og at gasskraft er einaste miljøriktige utveg. Er me verkeleg sett sjakkmatt av oljeminister Olav? Her kjem sju døme på konsept som kvar for seg åleine kan gjere gasskraftverk på Vestlandet overflødig: Minigasskraftverk med 95 prosent verknadsgrad, som produserer straum og varme til ein enkelt husstand er «hyllevare» i dag. Dette er fornuftig bruk av gassen. Nyleg vart det underteikna ein avtale med Polen om eksport av gass. Tilleggskostnadane med å byggje ein gassleidning som kan føre gass fram til hus og bedrifter på Austlandet vert relativt liten. (Kanskje gassleidningen kan transportere hydrogen i framtida?) Eg vert overraska om det ikkje er det som vert enden på viso. Jagland har byrja å syngje med på viso vår.

Viso starta som kjent med at Ap selde sjela si inneverande stortingsperiode. Dei oppheva delar av forureiningslova som dei sjølve hadde laga, slik at dei frå då av kunne få forureine som dei ville. Her mista dei stemma mi.

Bioenergi. Me kan byggje mindre forbrenningsomnar for avfall der varmeenergien kan nyttast fornuftig til bl.a. oppvarming av hus. Forbrenningsomnar som har ein god forbrenningsprosess, samt gode filter er tilgjengeleg i Noreg.

Vindmøllepark. Kvifor vert det ikkje bygd fleire? Vil eit gasskraftverk skli lettare inn i naturlandskapet. Telenor har fått herja vilt med sine mobilmaster i det norske naturlandskapet. Er det verkeleg uønska med eit par avgrensa vindmølleparkar som lett kan gjera import av kolkraft unødvendig?

Solcelle— og bølgjeenergi. Nesten fråverande sjølv om det er lett tilgjengelig.

Hydrogen og brenselsceller. Olav kan berre knipsa med fingrane sine og gjera dette til satsingsområde. Då kan han få bilar, ferjer og husstandar som er forsynt med elektrisk straum frå brenselsceller, før neste valkamp startar. Dette er framtida.

Bruk av varmepumper i staden for panelomnar. Ca. 50 prosent av energiforbruket i private husstandar går til oppvarming. Bruk av varmepumper kan redusere dette med 2/3. Enøk. Kvifor vil ikkje norske politikarar innføre seriøse enøkstimulerande tiltak?

Med bakgrunn i desse punkta, tykkjer eg at å nytta konvensjonelt gasskraftverk som det gode miljøpolitiske argument i valkampen ha vore totalt visjonslaust i 2001. Kor er dei energipolitiske visjonane? Å byggje konvensjonelt gasskraftverk på Vestlandet, er som å pisse i buksa for å halda på varmen. Noreg har pengar, kunnskap og ressursar til å utvikle gode framtidsretta konsept på fornuftig energibruk.

Dette kan i neste rekkje erstatte kolkraftverk med 30 prosent verknadsgrad i Kina. Me har mogelegheita til å vera med å snu den globale grå utviklinga til ei grøn miljøvennleg framtid på kloden vår. Det er berre snakk om vilje. Norske vitskapsfolk vibrerar i startgropa. Pengane må berre flyttast frå oljeprøveboringsprosjekt til sektor for fornybar energi. Det vert arbeidsplassar av slikt også.

Av Yngve Tranøy, Stord