ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.noGråvjret i Bergen førte til liten utfart etter tilhøva i går. Dei som tok turen til Vossetraktene fekk stadig betre tilhøve utover dagen, etter kvart som skydekket sprakk opp og sola fekk sleppa til. Gladmelding Alpinløypene har solid sole av kunstsnø med eit godt lag nysnø oppi. Dei sprø kuldegradene frå før helga er blitt til nokre små varmegrader, og dermed tendensar til våtare snø og mjukare løyper.Gladmeldinga frå fjellet er at det slett ikkje er "harry" å stilla med ski. Snowboard-folket har ikkje overteke fullstendig. Ei vilkårleg ti-minuttsoppteljing i går viste at 48 prosent av dei som tok Bavallsheisen til fjells hadde slalåmski, seks prosent hadde andre ski (tur og Telemark), medan 46 prosent stilte med brett.Ser ein bort frå britiske leirskuleelevar på slalåmski, kjem bretta i fleirtal, 64 mot 38, men skifolket er så avgjort på veg attende. Alt går Ski og brett, eitt fett. Kulekøyrar Kari Traa hadde bytta ut kule-skiene med litt lengre alpinski til kosekøyring, medan tre langrennsjenter frå skigymnaset sessa seg i stolheisen med kvar sitt snøbrett i fanget. Ein bergensfamilie på fem hadde flunkande nye turski — i alpinanlegget. Alt går.- Det er nettopp turski og fjellski vi sel mest av i år, fortel Arvid Horvei i Endeve Sportsforretning.Fjellski heiter forresten "Tur Telemark" på moderne norsk.Horvei forklarar den salstrenden med at snøen kom så seint i år at sal av snøbrett og alpinski aldri tok av. No er det så lite att av sesongen at dei heller ventar på nye modellar for neste år. Dei som kjøper ski no, vil ha eit par som kan gjera mest mogeleg nytte i resten av sesongen, medrekna påsken.Dette er hovedtrenden, men det finst sjølvsagt også nokre som kjøper brett, medan andre byter alpinskiene i breiare modellar (carving). Det er slutt på at "alle" skulle ha brett.