Villrein og vinterbrøyting

Villreinen og folket i bygdene både i Hallingdal og Hardanger har felles interesser når det gjeld Rv 7. Dei mykje omtala miljøtunnelane vil vera svært gunstige for villreintrekka sommar og haust når beita på nordsida er viktigast, samstundes som dei vil gje sikrare vinterveg for både bygdefolket og langvegsfarande, hevdar Endre Lægreid og Tomas Sekse. Lægreid er leiar i ReinJegeren, Sekse er fjellmann med lang og allsidig røynsle.