Erstad sin omtale av «villhestane» var uttrykk for at sjefen ikkje hadde full kontroll med alt dei underordna dreiv med. Han fortalde om villhestane under den opne høyringa om Lund-kommisjonen og Furre-saka i Stortinget i 1997.

Ukultur og åremål

Erstad fekk ikkje viljen sin, sjølv om også Fostervoll-utvalet som kom med framlegg til ny organisering av overvakingspolitiet, gjekk inn for åremål. Dei var redde for at eit lukka miljø, som i POT, utvikla ein uheldig intern kultur. Framlegget om åremål vekte ramaskrik mellom tenestemennene. Dei såg på det, kanskje med rette, som uttrykk for mistillit – i alle fall mistru. Ferske hendingar tyder på at framlegget kanskje bør takast fram igjen, og at dagens sjef, Per Sefland, heller ikkje har full kontroll.

Sterke avsløringar

Lund-kommisjonen (1996) som granska dei hemmelege tenestene på oppdrag frå Stortinget, teikna eit rystande bilete av ein ukultur og ulovlege metodar utvikla over år i POT. Betre vart det ikkje då det nye parlamentariske kontrollorganet, EOS-utvalet, i 1996 avslørte kva POT hadde drive med medan Lund-kommisjonen var i arbeid: POT hadde granska ein av sine eigne granskarar, professor Berge Furre, medan POT sjølv var under gransking. «Alle» trekte den konklusjonen at POT hadde freista å underminere eller torpedere granskinga som var igangsett mot POT. Skandalen var eit faktum. Riksadvokat Tor-Aksel Busch fastslo etterpå at POT «låg med knekt rygg». Alle lova opprydding. Nå skulle alt bli mykje betre, ja, annleis.

Framleis jesuittmoral

Den rapporten som EOS-utvalet la fram i førre veke, viser at det framleis er eit stykke veg å gå før «alt» er bra. Viksveen-saka, som utvalet omtalar, viser at overvakingspolitiet framleis ikkje er så nøye med å følgje lover og reglar. Og den ferske saka om urette politirapportar om våpenbeslag, frå Oslo, som Dagbladet avslørte laurdag, tyder at POT eller PST, som det hemmelege politiet nå heiter, framleis er prega av jesuittmoral: at føremålet heilagar midla. Jamvel Aftenposten konkluderer nå på leiarplass med at PST meiner å stå over lova.

Ingen helseattest

Leiaren for EOS-utvalet, ambassadør Leif Mevik, slo fredag fast, då han presenterte årsmeldinga frå utvalet, at «vi vil ikkje bli eit sandpåstrøingsutval som legitimerer tenestene». Samstundes gjorde han det klart at han ikkje kunne gje nokon «helseattest» for korleis det sto til i dei hemmelege tenestene. Det var sikkert lurt av den røynde diplomaten. Rapporten frå EOS-utvalet som mellom anna omhandlar Viksveen-saka, syner at PST-sjefen, Per Sefland, har vore fullt informert om alle viktige disposisjonar og handlingar i saka. Likevel har han til ei kvar tid vore heilt usynleg både eksternt og visstnok også internt. Kommentarane frå PST, både til rapporten frå EOS-utvalet, om Viksveen-saka, og til den nye våpensaka, er lite oppmuntrande lesnad for dei som har trudd på underverk:

Ut i krigen

Nestsjefen i PST, Stein Vale, som alltid er den som «må gå i krigen» for å forsvare det hemmelege politiet, bagatelliserer: Kritikken i Viksveen-saka gjeld berre enkelte sider ved saka, får vi vite. Og når det gjeld falske politirapportar som skal vere skrivne etter påtrykk frå ein førstebetjent i PST, så er det slett ikkje tilfelle at PST har noko ansvar, ifølgje Vale. Sidan Riksadvokaten nå har bestemt at SEFO, det særskilde etterforskingsorganet for politisaker, skal granske saka, kan PST ikkje seie meir om saka nå, får vi vite. Det er her også på sin plass å minne om den famøse Lamark-saka frå 1998. Her hadde tenestemenn (og embetsmenn) i POT innlate seg med ein fantast i Kommunaldepartementet som ville leike dobbeltagent. At han også dreiv dobbeltspel med VG og at POT kjende til det, gjorde ikkje saka betre. Sefland likte saka dårleg. Likevel greide POT å presse den ferske Bondevik-regjeringa til å utvise nokre russarar.

Kven styrer PST?

Spørsmål som nå trengjer seg på er om PST-sjefen har full kontroll med det som går føre seg i tenesta. Kvifor er han så usynleg? Stiller han seg bak alt det tenesta driv med? Eller er det andre, utanfor tenesta som driv overstyring: ein førstestatsadvokat i Oslo – slik rapporten frå EOS-utvalet indikerer, eller ein tidlegare overvakingssjef som no sit i ei nøkkelrolle som spesialrådgjevar i Justisdepartementet? Gløyme skal vi heller ikkje at vi no har ein justisminister som auser på med midlar og metodar til det hemmelege politiet – alt i den gode saks teneste. Det kan kanskje mistolkast?