PER MARIFJÆRENper.marifjeren@bt.no

Dette skjedde våren 1999, nokre veker før Arve døydde, men etter at hovudtiltalte sin yngre bror saman med to andre brutalt hadde overfalt Arve i Førde.

Seinare skulle Sunnfjord heradsrett i sin dom karakterisere episoden som rå og meiningslaus vald mot ein hjelpelaus person, med karakter av mishandling.

Sak for konfliktrådet Men like etter at denne saka var politimeldt, gav ein betjent ved Førde lensmannskontor overfor tiltalte si mor uttrykk for at dette var ein episode som kunne løysast i konfliktrådet. Han gav henne Kari Beheim Karlsen sitt telefonnummer, og oppfordra henne om å ta kontakt.

— Eg følgde med NN (hovudtiltalte sin yngre bror) til avhøyret på lensmannskontoret, og fekk vite kva som hadde skjedd, sa mora. - Eg sa etterpå til meg sjølv at dette vil eg gjere noko med. Og lensmannsbetjenten sa at han trudde dette var ei sak for konfliktrådet. Difor fekk eg nummeret til mor til Arve, eg ringte henne før det var gått ei veke.

Mora fortalde i retten at ho ønska å treffe Arve og mor hans, saman med sin eigen son. Ho hadde ikkje oppfatta at sonen skulle ha mobba eller plaga Arve. Læraren på skulen i Førde avkrefta overfor henne at dette skulle ha skjedd, og ho hadde tvert om høyrt at det var Arve Beheim Karlsen som skulle ha truga son hennar på livet.

Ville ikkje møte - Eg ville ha eit møte for å høyre kva som hadde skjedd. Son min sa at nokon hadde fortalt han at Arve ville drepe han. Eg ville spørje Arve om han hadde sagt at han ville drepe son min. Dette er vanskeleg for meg å snakke om, for det er noko av det såraste, sa mora.

Ho sa at son hennar ikkje forstod kvifor Arve ville slutte på skulen i Førde.

— Eg sa til Kari Beheim Karlsen at vi måtte hjelpe desse gutane, at vi måtte få til eit møte. Ho svara at ho måtte tenke på dette, og at vi skulle snakkast igjen.

Då dei snakkast på nytt over telefonen, hadde Kari Beheim Karlsen bestemt seg.

— Ho sa at dei ville ikkje møte oss, fordi ho såg på dette som ei stor rasistisk sak, fortalte hovudtiltala si mor. - Ho trudde det var nødvendig at politiet ordna opp i dette, fordi det var så mange ting.

Drapstruga av Arve Vitnet lurte på kvifor Kari Beheim Karlsen meinte dette, fordi ho ikkje hadde høyrt noko om at det var snakk om rasisme i det heile tatt.

— Eg var på mi side redd, fordi Arve hadde truga med å drepe son min. - Kari Beheim Karlsen stadfesta overfor meg at Arve hadde sagt dette.

Soerenskrivar Steinar Velle: - Tenkte du på at her kunne vere ei meir djuptgripande konflikt?

— Ja, eg tenkte på det, og at dette må vi gjere noko med. For desse gutane skulle møtast seinare, eg sa i samtalen med mora at eg lurte på om Arve tok feil av personane.

Under denne telefonsamtalen mellom mødrene, som skjedde berre veker før Arve døydde, var ikkje noko tema at NN (den andre sonen, som no er hovudtiltalt, red. merkn.) skulle ha gjort Arve noko. Kun den eitt år yngre broren var involvert på dette stadiet.

Les også: - Ville alltid tøye grenseneVar barnevakt for Afrika-adopterteDeltok på minnestund for Benjamin

TAKKA NEI: Mora til den hovudtiltalte fortalde i retten at ho ønska å treffe Arve og mor hans Kari (biletet), saman med sin eigen son. Men Kari Beheim Karlsen takka nei.