JAN STEDJE jan.stedje@bt.no Sogndal

Årdal & Lærdal Avis skriv i dag at Stiftinga Norsk Villaksenter må kjøpast heilt ut av Villakssenteret. Låna til Indre Sogn Sparebank kan ikkje stiftinga lenger betjene.Lærdal kommune kjøper kulturdelen av senteret. Reiselivsdelen i dette prestisjesenteret for villaks blir overtatt av hotellaktørar i Årdal, Sogndal og Lærdal, den lokale banken og to andre selskap i Lærdal.Lærdal kommune, som strir med svært stramme budsjett, må finne plass til nye 4,5 millionar kroner for å redde Norsk Villakssenter.Lærdal kommune satsa tungt på prosjektet med åtte millionar kroner ved finansiseringa i 1996. Private sponsorar og andre lokale interessentar gjekk inn med fem millionar for å få landets einaste villakssenter lagt til Lærdal. Og det statleg tilskotet til bygginga vart, på grunn av statusen som rikssenter for norsk villaks gjev, sett så høgt som sju millionar. Lærdal vart valgt som lokaliseringsstad av Norsk Villakssenter også fordi noverande kong Harald i tre tiår har hatt denne elva som sitt førstevalg for sportsfiske.Likevel har det gått rett vest økonomisk, og med dramatiske fall i besøkstala etter at parasitten gyrodactylus salaris slo ut laksen i kongeelva frå 1997.No må Stiftelsen Norsk Villakssenter kaste inn håndkleet, med kommunen som eine redningsaktøren.Senteret blir bokstaveleg talt partert i tre deler, med ulike eigarar og driftsansvarlege for dei tre funksjonane reiselivsdelen, fagdelen og kulturhusdelen i Norsk Villakssenter.