kommentar

olav kobbeltveit

Med sans for den treffande formuleringa seier Venstres Lars Sponheim at Sentrum ikkje ofrar forsvaret av Noreg for å redda Stoltenberg. Dei tre sentrumspartia har samla seg om sitt eige forsvarspolitiske opplegg. Det er ikkje utan vidare tilpassa korkje Høgres forsvarstanke eller den som er utvikla i regjeringa. Det mest problematiske i så måte er at Sentrum har falle for freistinga til å ta distriktspolitiske omsyn i plasseringa av Forsvarets hovudkvarter, og vil leggja det til Nord-Noreg. Regjeringa vil ha ei samordning med NATO på Jåttå utanfor Stavanger, og for alle praktiske formål høyrest det fornuftig ut.

Elles er det mykje bra i Sentrums tankar om eit framtidig norsk forsvar. Dei ønskjer ei verneplikt som sikrar den folkelege forankringa, dei vil redusera ein topptung administrasjon og dei vil ta vare på og oppgradera MTB-ane av Hauk-klassa, med seinare overgang til MTB-ar av den nye Skjold-klassa. Problemet synest å vera at Sentrums gode forsvarsvilje vil kosta noko meir enn dei 28 milliardane som skal vera årleg ramme.

Lite strid Det er ei nokså dramatisk omlegging av norsk forsvar som no skal gjennomførast, på bakgrunn av Forsvarsstudie 2000. Forsvarssjefen har gitt oss rammene for det forsvaret vi kan få for 28 milliardar kroner i årleg utgift. Vi snakkar då om både investering og drift. Korvidt han meiner dette er eit tilstrekkeleg forsvar er noko uklårt, og i alle fall Kåre Willoch meiner forsvarssjefen ikkje går god for det opplegget han har presentert. Andre tolkar det annleis.

Men det er knapt gode grunnar for at eit rikt land som vårt ikkje skal halda seg med eit forsvar som i alle deler er truverdig. Muren er rett nok riven, og Sovjet-samveldet ruinert, og den kalde krigen er noko elevane lærer om i historietimane. Men Russland er og vil vera ei stormakt som mindre enn før handlar rasjonelt. Vi har ei kyststripe som er 2700 kilometer lang, og vi har ein sårbar oljeindustri. Når langt fattigare land legg vinn på å halda seg med eit truverdig forsvar, vil det verka meiningslaust at Noreg skulle gjera det motsette. Tanken om at eit folk ikkje har livets rett dersom det er utan vilje til å forsvara seg sjølv og eige territorium, står framleis sterkt mellom mange nordmenn. Det kan vera grunn til å minna om det i siste fase av endetida til den generasjonen som bar børa 1940–45. Den børa vart tyngd av at vi stod så ringt rusta den 9. april 1940.

Kystnasjonen Noreg Desto større er frustrasjonen i mange krinsar over at Sjøforsvaret ser ut til å bli ofra i det politiske spelet som no pågår i Stortinget. Om vi les Langtidsproposisjonen nøye, så teiknar den eit risikobilete som skulle tilseia ei sterk og sterkare satsing på Marinen. Det er her – langs vår lange kyst – at vi skal hevda vår suverenitet. Regjeringa vil løysa dette gjennom å satsa på fregattar og eit nytt kystvaktfartøy. Det framstår som utilstrekkeleg når regjeringa dermed gir oss eit de facto svakare sjøforsvar enn i dag.

Sentrums svar, og Sjøforsvarets svar, er eit forsvar som framleis skal halda seg med MTB-ar. Dei er i begge variantar eit framifrå fartøy, fleksibelt og mobilt og med stor slagkraft. Det er ikkje utan grunn at amerikanarane har fatta interesse for dei nye MTB-ane i Skjold-klassa.

Kompromiss? No skal kompromisset utmeislast i Stortinget. Somme er meir opptekne av å audmjuka ei alt svekka Ap-regjering enn å finna fram til eit fornuftig og robust kompromiss i ei sak som høver svært dårleg for lettvinte partimarkeringar.

På den andre sida – er det ikkje viktigare å skaffa fedrelandet eit fullgodt forsvar enn å halda si hand over ei regjering som styrer mot stupet i alle fall?

I så måte er det utgangspunktet for Forsvarsstudie 2000 som er problemet. Dersom det ikkje er råd å skaffa Noreg eit fullgodt forsvar for 28 milliardar, skal vi så slå oss til ro med eit forsvar ingen heilt trur på? Det vil ikkje Kåre Willoch, og det vil neppe ansvarlege politikarar på Stortinget heller. Kostar det 30 milliardar eller vel så det å forsvara Noreg, så får vi betala prisen. Vi har pengar nok.