Wegner konkurrerer med mellom andre politimeister Ragnar L. Auglend. Også Auglend har bakgrunn frå politikammeret i Bergen. Han var kriminalsjef i åra 1983-86. Tidlegare var han politifullmektig i byen.

Søkte i 1991

Dette inneber at Wegner søker den same jobben som han også søkte men ikkje fekk då Politihøgskolen vart oppretta i 1992.

I perioden 1990-91 var Wegner direktør for Politihøgskole-prosjektet, som gjekk ut på å omdanne Politiskolen til høgskule.

Det låg i korta at han skulle ha rektorjobben, og det vart rekna som ei grov forbigåing då Wegner ikkje fekk jobben. I staden måtte han ta til takke med politimeisterjobben i Bergen.

Før det hadde han i fleire år vore politimeister i Bodø og deretter ekspedisjonssjef i Justisdepartementet.

Wegner avslår å uttale seg om saka til Bergens Tidende. Han vil ikkje ein gong stadfeste at han har søkt.

Wegner er nå «stilt til disposisjon» som det heiter, for Politidirektoratet. Den lagnaden deler han med eit 20-tals andre politimeistrar som mista kommandopostane sine frå årsskiftet.

Killengreen stadfester

Politidirektør Ingelin Killengreen stadfester overfor Bergens Tidende at Wegner og Auglend har søkt. Saka er framleis under arbeid i direktoratet før innstillinga blir sendt til Justisdepartementet.

Ein tredje interessant søkar, er professor i kriminologi, Liv Finstad, som i fleire år sat i styret for Politihøgskolen. Ho har vore ein markant kritikar av dagens rektor som må forlate stillinga etter endt åremål ved utgangen av februar.

Fleire rundar

Stillinga vart oprinneleg lyst ut i august. Då melde det seg berre fem søkarar. Stillinga vart lyst ut på ny med søknadsfrist midt i oktober.

Etter den nye runden var søkartalet kome opp i 14. Langt seinare, etter at han ikkje fekk fornya jobben som politimeister i Bergen, leverte Wegner søknaden på denne stillinga.