ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har eit utspel frå elveeigarane i Lærdal til vurdering. Dei opnar for aurefiske, kanskje også laksefiske, dersom dei får lov til å driva kultiveringsarbeid i elva. Slikt er vanlegvis forbode i vassdrag som er smitta av den frykta laksevirusen gyrodactilus salaris.

Lærdølene vil gjerne ha ei ekstra sikring for den velkjende laksestammen utover det genbanken i Eidfjord kan gje.

Opplegget går ut på å bruka klekkeriet i Lærdal. Det er basert på grunnvatn, og dermed utan smittefåre.

Lakseungane skal deretter plasserast i merd eller brønnbåt i elveosen, der saltvatnet tek knekken på gyroen. Så skal merda slepast ut Sognefjorden og smolten sleppast i havet. Bruker ein brunnbåt, er også ferda gjennom algebeltet risikofritt.

Idéen er skapt gjennom eit prosjekt i regi av Villakssenteret i Lærdal, der ein mellom anna kan fylja med på video når kvar einaste laks går opp i elva.

Alf Olsen ved Villakssenteret seier til Bergens Tidende at det er gode voner om å få til fiske etter Lærdalslaks dersom opplegget vert godkjent av styresmaktene. Aurefiske er det enda større sjansar for, etter Olsen si vurdering.

Elvefiske vil kunne interessa for Villakssenteret som har slite med låge besøkstal og vanskeleg økonomi sidan den frykta laksesmitten kom til elva.