Ordførarane i Vaksdal, Granvin og Ulvik har fått frist til torsdag til å bestemma seg om dei vil vera med på opplegget.

— Ut frå den skrale kommuneøkonomien blir det heilt feil å senda millionar inn til statskassa når det berre trengst ein liten vri for å behalda pengane lokalt, seier Bjørn Christensen til Bergens Tidende.

Bakgrunnen er kløyvinga (fisjonen) av Voss og Omland Energiverk (VOE), der det er Voss kommune som har meldt seg ut.

Byter roller

Den lille vrien er at partane byter rolle – at dei andre kommunane melder seg ut, og Voss blir ståande att med selskapet, som kan endra litt på namnet, til Voss Energi.

Dermed slepp VOE skøyta alle eigedomane sine i Voss kommune over til eit nytt selskap, og ein slepp betala 4-5 millionar kroner i dokumentavgift til staten.

VOE har langt færre eigedomar i omlandskommunane. Dermed vert det store pengar å spara på at partane byter rolle i den vidare fisjonsprosessen. Tilbodet frå Vosseordføraren går ut på at nabokommunane kan få dela dei pengane Voss sparer på denne vrien.

Mindre arbeid

— Kva tener Voss kommune på dette?

— Vi sparer masse praktisk arbeid med å skriva skøyter, stifta nytt selskap, få laga ny logo osb.

— Men staten taper?

— Sant nok, men pengane gjer sikkert vel så god nytte for seg i Vaksdal, Granvin og Ulvik, seier Christensen.

Dei skyhøge dokumentavgiftene har ført til at det nærast har gått sport i å omgå reglane. I fisjonar kan spørsmål om kven som blir fisjonert ut, og kven som blir ståande att, vera avgjerande for avgiftstrykket.

Det finst ei rekke døme på nærast avgiftsfrie fusjonar og fisjonar i næringslivet.

Fusjonsplanen til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar er eitt eksempel. Dei opphavelege selskapa teiknar aksjar i eit nytt morselskap, men står framleis som formell eigar av bygningar og skip.