— Dette er så meiningslaust, ja, så tullete at ei elles god sak bokstavleg tala er i ferd med å drukna! seier politikaren frå Fitjar.

Midt i alt strevet med å skaffa fleirtal i Stortinget for eit revidert statsbudsjett som regjeringa kan leva med, har han sett seg nøydd til å kviskra fiskeriminister Svein Ludvigsen eit alvorsord i øyra.

— Statsråden tek poenget, så får vi sjå kva som skjer. Men det er Kystdirektoratet, ikkje departementet, som står bak den urimelege forskrifta som vart gjort gjeldande alt frå 1. juni, seier Sørfonn vidare.

«Land» er og små skjer

At båtar ikkje lenger har lov til å gå snøggare enn fem knop (om lag ni kilometer i timen) dersom dei er mindre enn femti meter frå land, er etter stortingsrepresentantens vurdering både urimeleg og heilt upraktisk når vi til dømes ser på mylderet av små holmar og skjer langs vestlandskysten.

— «Land» i denne samanhengen er til og med små skjer som stikk opp! I mitt heimemiljø i Fitjar kryr det av slike «landstykke», og det seier seg sjølv at det vert umogleg å praktisera regelverket for folk som må nytta båt til og frå arbeid, eller som er ute og fiskar.

Slik er det mange andre stader óg langs kysten.

- Skadar nyttetrafikk

Med berre fem knops fart har ein ikkje eingong styrefart. Ein rammar dermed heilt utilsikta. Eg har forståing for at ein vil uvettig trafikk til livs, særleg sommarstid, men slik det no er vert nyttetrafikken skadelidande. Ein druknar rett og slett ei god sak, seier Sørfonn som i ledige stunder sjølv er på sjøen med sin 16 fot store Askeladden.