— Vi er totalt imot ei slik nedbygging av sikkerhetsnettet vårt som dette inneber. Det er trass alt 50.000 menneske som soknar til Stord sjukehus, seier leiaren for LO i Sunnhordland, Erland Bakken til Bergens Tidende. Fagrørsla drøftar sjukehussentraliseringa på eit møte i morgon.

Medan plangruppa i Helse Vest tilrår at all akuttkirurgisk aktivitet - inkludert fødselskomplikasjonar - blir flytta frå Stord til Haugesund, har det underordna føretaket Helse Fonna langt mindre dramatiske framlegg for å spara pengar.

Helse Fonnas plan

— Eg trur at våre tiltak vil gje meir avkastning enn det Helse Vest har bebuda, samstundes som vi tek vare på dagens akutt-ordningar, seier administrerande direktør ved Stord sjukehus, Thorleif Meidell Vaage.

Sjukehusa i Haugesund, Stord, Odda og på Valen utgjer helseføretaket Helse Fonna under Helse Vest. Dei somatiske sjukehusa Stord, Odda og Haugesund har i fleire år samarbeidd tett, og er ifølgje Meidell Vaage no klare til å hausta av tilnærminga.

— Det går mest på ei organisatorisk samhandling. Men sjølvsagt ser også vi på nye grep innan øyeblikkeleg hjelp, men utan at det får følgjer for pasienten sin situasjon, seier Thorleif Meidell Vaage, leiar for ei gruppe i Helse Fonna som ser på ei funksjonsdeling mellom dei somatiske sjukehusa.

Gruppa legg fram innstillinga si i morgon. Helse Fonna tek ei avgjerd om nyorganiseringa truleg i løpet av januar, og tilrår ei full omlegging ved årsskiftet 2003 - 2004.

— Det er klart at Helse Vest kan overstyra oss. Men vi ønskjer å få visa kva vi duger til, det har vi ikkje fått tid til enno, seier Meidell Vaage.

Trafikk og industri

— Vi vil tru at samfunnet rundt oss, brukarane, vil reagera på at det akutte hjelpeapparatet blir meir fjernt. Vi har ei stor samferdsleåre med stor ulukkesfrekvens, og vi har ein stor tungindustri som er utsett i tilfelle arbeidsulukker, seier Thorleif Meidell Vaage.

Direktøren ved Stord sjukehus er også redd for at det medisinfaglege miljøet blir svekka ved bortfall av akuttfunksjonar. Han fryktar likevel ikkje at dei store opprustningane som sjukehuset har gjennomgått i det siste er bortkasta pengar.

— Det er dramatisk det som Helse Vest varslar, men det ligg fast at Stord sjukehus skal tilførast pasientar innan kirurgi frå Haugesund. Dei indremedisinske akuttfunksjonane er det heller ikkje planen å fjerna, seier Thorleif Meidell Vaage.

STÅR VAKT: Bak desse dørane bak sjukehusdirektør Thorleif Meidell Vaage er det nyleg teke i bruk eit nytt akuttmottak ved Stord sjukehus. Dei statlege eigarane vil ta bort fleire av funksjonane der til fordel for Haugesund.<p/> FOTO: OVE A. OLDERKJÆR