TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noFørde

Dei nye formuleringane som arbeidsgruppa meiner skal inn i paragraf 135A i straffelova, den såkalla rasismeparagrafen, vil gjere stridsspørsmålet i Beheim Karlsen-saka til eit ikkje-tema.

Ein hovudgrunn til at Indre Sogn heradsrett meiner dei to tiltalte 19-åringane frå Naustdal ikkje kan dømmast etter rasismeparagrafen, er at dei nedsetjande orda om Arves hudfarge og etniske bakgrunn ikkje vart spreidde i det offentlege.

Offentleg Dagens rasismeparagraf stiller nemleg krav om at rasistiske ytringar må vere spreidde til offentlegheita, før det vert straffbart. Dei åtte-ni personane som høyrde Arve verte kalla og omtalt som «forbanna neger», «jævla svarting» m.m., er ikkje mange nok til at dei kan karakteriserast som ålmenta.

— Dette vil vi ha endra. Vi ønskjer at paragrafen skal gjere det straffbart å ytre seg offentleg. Spørsmålet om kor mange som høyrer det som vert sagt, om det er ein eller 100, skal ikkje spele nokon rolle, seier forskar Henrik Lunde ved Antirasistisk senter.

Lunde har vore medlem i arbeidsgruppa som Justisdepartementet sette ned for å vurdere eit utvida forbod mot rasistiske ytringar og symbol. Det er den same arbeidsgruppa som har gått mot forbod mot nazistiske og rasistiske organisasjonar.

Fleirtalet Fleirtalet i arbeidsgruppa vil at andre leddet i straffelovas paragraf 135A skal ha slik ordlyd:

«Den som offentlig ytrer seg på en måte som viser ringeakt, herunder ved bruk av rasistiske symboler og kjennetegn, for en person eller gruppe av personer på grunn av deres religion, rase, hudfarge, nasjonale eller etniske opprinnelse, straffes med bøter eller fengsel inntil 1 år. Bestemmelsen omfatter også spredning av materiale som viser slik ringeakt.»

— Slik eg ser det, kan det ikkje vere tvil om at ordlyden i dette forslaget vil gjere det til eit lovbrot å uttrykkje seg slik dei to domfelte skal ha gjort då dei sprang etter Arve Beheim Karlsen på gangbrua over elva i Sogndal, meiner Lunde.

Vitne har høyrt at det då vart ropt «Drep negeren!» etter Arve.

Mindretalet i arbeidsgruppa meiner denne regelen berre skal gjelde personar under 18 år.

Det private rom - Men mesteparten av den rasistiske motiverte omtalen av Arve Beheim Karlsen skjedde i ei hyttegrend der mange av ungdommane budde og møttest? Det forholdet dekker ikkje denne regelendringa?

— Nei, vi set eit skilje mellom det offentlege og private rom. Rasistiske utsegner innanfor heimens fire vegger vil vi ikkje gjere ulovlege. Men her kan jo andre reglar verte gjeldande. Du kan ikkje seie og gjere kva som helst, eksempelvis true ein person, berre fordi du gjer det heime, seier Lunde.

Forskaren meiner dessutan at heradsretten i Indre Sogn kunne dømt dei to ungdommane etter rasismeparagrafen sjølv utan denne endringa. I ein dom frå 1994 er ein person dømt for å ha omtalt ein person rasistisk på ein restaurant.

— Talet på personar som høyrde det som vart sagt den gongen, var svært avgrensa. Likevel fann retten grunnlag for domfelling. På den bakgrunn meiner eg dommen i Beheim Karlsen-saka er eit feil signal frå rettsvesenet.

Les også: Dom i ni av 453 saker

VIL ANKE: Kari Beheim Karlsen ønskjer å prøva saka i rettsapparatet på nytt, fordi rasismeparagrafen ikkje vart nytta då dei to tiltalte fekk sine dommar. (ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH)