Dette fellesframlegget kjem frå Hans Otto Robberstad (Ap) og Trude Drevland (H), og skal leggjast fram for politikarane i fylkesutvalet 23. mai.

-Det er behov for å skaffe seg oversikt og innsikt i om vestlendingane får det helsetilbodet dei skal ha. Departementet favoriserer Oslo og austlandsområdet, og vi må passe på at ikkje alt forsvinn austover, seier Hans Otto Robberstad til BT.

Ein av utvalets viktigaste funksjonar blir å halde seg oppdatert på helsetilbodet i regionen.

— Helsesektoren er kompleks, og krevjande å setje seg inn i. Innsikt og kompetanse må haldast ved like heile tida, elles tek det ikkje lang tid før ein blir akterutsegla, seier Robberstad. 1. januar overtok staten ansvaret for sjukehusa, og dermed vart Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane samla til eit regionalt helserike. Derfor bør tre representantar frå kvart fylke vere med i utvalet, meiner framleggsstillarane.

— Men om dei andre ikkje kan vere med frå byrjinga, bør Hordaland starte åleine. Så langt er ikkje Robberstad imponert over den nye sjukehuseigaren.

— Tidlegare passa staten på som ein hauk at budsjetta var salderte. Det forundrar oss derfor at staten i år lagar budsjett med 496 millionar kroner i underskot, og i tillegg reduserer investeringane, seier han.