OVE A. OLDERKJÆRove.olderkjaer@bt.no

Fylkeskommunen og fylkesmannen har bestemt at øvste del av anleggsvegen skal fjernast. Og kommunen vil ha bom på vegen nedanfor dei bratte stigningane. Det likar ikkje den hyppig fjellvandrande pensjonisten Finn Havnerås (80).

— Med anleggsvegen er det heilt unødvendig å slita seg ut i ein tung motbakke til fots. Eg og andre pensjonistar har bestemt oss for å snakka med ordførar og rådmann for å klargjera kva dette området kan bli til, til glede for unge og eldre i bygda, seier Finn Havnerås.

El-kraft og drikkevatn - Det kan stillast spørsmål ved at ålmenta ikkje får nytte av eit millionanlegg som er kosta av skattebetalarane, seier Havnerås.

Den nye anleggsvegen ovom Fitjar-bygda er kosta i eit spleiselag mellom kommunens kraftlag og vassverket. Fitjar Kraftlag byggjer minikraftverk (4,8 GWh) med vatn frå Olstjørn, vassverket skal henta drikkevatn til fitjarbuen frå Svartavatn heilt oppunder Kinno.

Veganlegget følgjer Fitjar-vassdraget, og passerer det spesielle våtmarkområdet ved Olstjørn.

— Heile området utgjer berre promillar av Fitjars fjellareal. No har ein sjanse til å opna eit unikt område også for rullestolbrukarar og eldre som er dårlege til beins, seier Jostein Skram. Han eig deler av utfartsområdet, og nyttar seg ofte av det.

— Ein må tenkja positivt og sjå mulighetene i staden for å seia nei. Etter den bratte oppstigninga er det eit lett tilgjengeleg snaufjell, og samtidig så nær havet. Når stormane har lagt seg er det ei fantastisk oppleving å sjå havdønningane herfrå, seier Skram og peikar mot Slåtterøy, Bømlo, Selbjørnsfjorden, Austevoll og Marsteinen.

Stor utfart - Etter at vegen kom, har det auka på med utfart til området. Mange vender seg til oss og meiner det er dumt at vegen ikkje skal vera open for ålmenta. Vi har ikkje noko imot det, seier elverksjef Ole Vidar Lunde i Fitjar Kraftlag.

— Fitjar ligg ut mot havet, og det er lite snø om vinteren nede i bygda. Men her oppe er det gode snøtilhøve. Såleis kan dette bli eit fint utfartsområde heile året, meiner Finn Havnerås.

Jostein Skram kastar også fram ein luftig idi om golfbane oppe på Blekjet-heia, knapt 300 meter over havet. Eit spektakulært golfanlegg i så fall, meiner han.