PER MARIFJÆREN

For at bedrifta skal kunne stille sterkare i konkurransen om eit ombyggingsoppdrag, har verftsarbeidarane ved Kleven Florø sagt seg villig til å kutte løna med 6-7 kroner i timen.

Det er snakk om eit eingongstilfelle knytt opp mot eit konkret anbod, melder NRK Fylkesnytt.

— Bedrifta har spurt oss om å dra vår del av lasset i denne prekære situasjonen, seier tillitsvald for Fellesforbundet ved Kleven Florø, Magne Ulvatn. - Klubbstyret har presentert saka for medlemmene utan noko tilråding, og eit stort fleirtal gjekk inn for å avstå 6-7 kroner av timeløna. Føresetnaden er likevel at dei skal få utbetalt denne løna seinare dersom resultatet tilseier det.

Ordretørken har den siste tida vore total for dei to delverfta i Florø og Førde som utgjer Kleven Florø. Verftet kjempar no desperat for å få ombygginga av eit kabelfartøy til eit oljerørleggingsskip. Lukkast dei, vil 150 arbeidarar vere sysselsette i to månader neste år.

Overfor Bergens Tidende understrekar Ulvatn at protokollen mellom klubben og verftet enno ikkje er underskriven. Han vedgår at meiningane er delte blant dei tilsette, men at situasjonen er slik at dei fleste ser dette som einaste sjansen til å behalde jobben.