Det er direktør Frank Aadland i HSD Buss som kjem med dette tilbodet for strekningene KnarvikýBergen, KleppestøýBergen og StraumeýBergen. Og han lovar meir: Med 90 millionar meir i kassa skal folk få reisa gratis med Beinveien òg. 10 kroner i vegprising er meir enn nok til å gje gratis busstilbod.

39.000 bilar kvar dag

I dag køyrer det gjennomsnittleg 39.000 bilar over Nordhordlandsbrua, Askøybrua og Sotrabrua kvar dag. Tenkjer vi oss ein tikroning i snitt for kvar passering, med 20ý25 kroner som topp i rushtidene, gjev det ei årsinntekt på 142 millionar kroner. For den summen kan Frank Aadland ikkje berre frakta passasjerane gratis med dei rutene han driv i dag. Han får òg råd til å setja inn mange fleire bussar, og køyra oftare i morgonrushet og heimatt om ettermiddagen.

— I praksis kan det fungera slik, seier Aadland, at ein passasjer som skal frå Klokkarvik i Sund til Bergen, går på bussen og betalar berre til Straume. Når han skal heim, og går på i Olav Kyrres gate, betalar han taksten frå Straume til Klokkarvik.

60 prosent trafikkauke

For noko må gjerast. I StorbyomtaleýBergen, som er eit innspel til Nasjonal Transportplan 2006ý2015, står det at trafikken over Sotrabrua vil auka frå 21.000 bilar i dag til 26.000 bilar i 2015. På Askøybrua aukar trafikken frå 8000 til 19.000 og på Nordhordlandsbrua frå 9000 til 16.000.

Den samla trafikkauken over bruene vel 10 år frå no vil vera 21.000 bilar, ein auke på nær 60 prosent.

Regionvegsjef Ole Chr. Torpp likar ikkje utviklinga.

— Sotrabrua nærmar seg grensa for kva ho kan ta av trafikk. Og på Askøybrua vert det ein veldig auke når bompengane vert borte i 2006. Eg er særleg uroa over korleis det vil gå ved Storavatnet, der vegane frå Sotra og Askøy møtest mot Bergen.

Vegprising: 10 kroner

— Eg vil rå kommunane på utsida av dei tre bruene til å samla seg om ei ordning med vegprising, både for å demma opp for trafikkauken, og for å skaffa pengar til eit betre busstilbod enn i dag. Kommunane vil ha mykje att for å gå inn for dette, seier Torpp, som kjenner vel til den lokale uviljen mot meir trafikkbetaling. Forslaget vert ikkje akkurat applaudert:

Ole G. Fredheim, ordførar i Fjell:

— Vi er svært skeptiske til vegprising. Det har vi òg gjeve uttrykk for i kommunen sitt innspel til saka om betre vilkår for kollektivtrafikken mellom Bergen og Sotra. Eg kan heller tenkja meg å be Samferdselsdepartementet løyva ein sum til ei prøveordning med halv pris på bussen, til dømes over fire år, slik at vi kan sjå om det har nokon verknad på buss- og biltrafikken.

Kari Manger, ordførar i Askøy:

— Alle på Askøy ser fram til at bompengane fell bort i 2006. Folk flest her vil nok meina at vi har betalt nok for ei bru som eigentleg var staten sitt ansvar. Men dersom det kjem opp eit forslag om vegprising med det busstilbodet som du nemner, vil vi sjølvsagt sjå nøye på det og vega føremoner og ulemper. For vi ser at noko må gjerast. Alt no skapar trafikken kaos ved Storavatnet.

Odd Tøsdal, ordførar i Lindås:

— Føremålet, eit gratis busstilbod, er sjølvsagt svært godt. Då vi hadde miljøplanen vår til handsaming for ei tid sidan, var vegprising nemnt som eit mogleg tiltak, men det fekk svært negativ omtale. Folk vil ikkje betala meir når Nordhordlandsbrua er ferdig betalt i 2006.

I fylkestinget fekk forslaget følgjande svar: Hilde Kallekleiv, RV og Kyrre Stensnes, SV:

— Et glimrende forslag. Vi må ta sterke virkemidler i bruk for å dempe trafikkveksten.

Tom-Christer Nilsen, H: - Det er nesten frekt å foreslå dette.

Terje Søviknes, Frp: - Tanken om gratisbuss er god, men dette må ikke finansieres av bilistene.

Harald Hove, V: Forslaget fortener å bli vurdert. Kanskje kunne det vært en idé med et forsøk.

Liv Oda Dale, Ap: - Eit spenstig forslag som fortener ei seriøs vurdering.

Jørgen Øydvin, Pp: - Endå meir bompengar er svært lite ynskjeleg.

fakta/vegprising

Paragraf 7a i veglova lyder slik: Departementet kan bestemme at det innføres vegprising i et nærmere fastsatt område. Med vegprising menes et trafikkregulerende virkemiddel der trafikantene må betale et beløp for å benytte bestemte deler av veinettet til bestemte tider.

Nettoinntektene fra vegprising skal fordeles mellom staten og berørte kommuner og fylkeskommuner. Nettoinntektene skal nyttes til transportformål i det berørte området, herunder kollektivtransport, trafikksikkerhetstiltak og miljøtiltak.

Vegprising skal bare innføres når de berørte kommuner og fylkeskommuner gir sin tilslutning til dette. Departementet kan likevel i særlige tilfelle pålegge de berørte kommuner og fylkeskommuner gjennomføring av vegprising.

Departementets vedtak etter paragrafen her krever samtykke fra Stortinget.

Departementet kan gi nærmere forskrifter for å regulere ordningen, herunder om prinsipper for takstfastsettelse, om tilleggsavgift ved unnlatt betaling og om fordelingen av nettoinntektene.