Hordaland fylkeskommune ønskjer å ta over ansvaret for dei 14 familiane som i dag har kontrakt med Kuba AS, slik at ungdommane kan bli buande der dei er sjølv om selskapet er historie.

Det ser ikkje ut til å lykkast.

Årsaken er at ni av familiane har alliert seg med eit nytt privat firma som vil ta over der Kuba AS slapp.

Bak selskapet, Prosess Invent AS, står fleire av dei som inntil i dag har vore tilsette hos Kuba AS. Dagleg leiar er Charles Ischtschenko, tidlegare nestleiar i Kuba AS. Ektemannen til dagleg leiar Anne Kleiven i Kuba AS, Jan Tore Næss, sit som styremedlem i Prosess Invent AS.

Stiller ultimatum

Før helga mottok barne— og familiekontoret i fylkeskommunen eit brev signert ni av familiane og fem tidlegare tilsette i Kuba AS.

Brevskrivarane avviser tanken på at familiane skal lønnast og følgjast opp direkte av fylkeskommunen.

«Vår fremtid som omsorgsbaser/vertsfamilier etter 18.1.02 er derfor avhengig av at fylket gjør avtaler om tiltak for ungdommene med Prosess Invent AS (…) Hvis dette ikke lar seg gjøre ber vi Hordaland Fylkeskommune ta kontakt med kontaktperson valgt av undertegnede omsorgsbaser for avvikling av boforholdet til ungdommen og at forholdet er avviklet innen fristen 18.01.02», heiter det i brevet.

– Etisk uforsvarleg

Barneverndirektør Arne Andersen i Hordaland avviser kontant kravet om å la Prosess Invent AS ta over.

— Dette er å fiske i rørt vatn. Det er ein utilbørleg måte å gå fram på, og etisk heilt uforsvarleg. Dersom vi skal vurdere å kjøpe private tenester, må det skje på heilt fritt grunnlag, ikkje ved at eit selskap vil ta over på denne måten, seier Andersen.

Han er ikkje i tvil om at det er folka i Prosess Invent AS som har kontakta Kuba-vertsfamiliane, for på den måten å sikre firmaet oppdrag for fylkeskommunen. Han har hatt møte med det nye selskapet, og sagt klart ifrå om at det ikkje er aktuelt å bruke dei no.

— Vi tør ikkje ta sjansen på eit nytt privat samarbeid. No skal vi sjølve ta ansvaret for desse ungdommane og skaffe dei eit skikkeleg tilbud, seier Andersen.

Eineeigar og styreformann i Prosess Invent AS, Kjersti Næss, nekta i går å svare på spørsmål om planane selskapet har. Næss bur i lag med dagleg leiar Charles Ischtschenko, som også har vore nestleiar i Kuba AS.