• Sjølv med Trekantsambandet kjem vi til å reisa like mykje til Bergen som før, seier sunnhordlendingane til Anne-Grete Strøm-Erichsen.

JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.noStrålande sol og frisk nordleg vind møtte byrådsleiaren i Bergen, Anne-Grete Strøm-Erichsen, då ho kom til møte med Samarbeidsrådet for Sunnhordland i går. Møtestaden var Ryvarden fyr, med utsikt til skipsleia over Sletta. Der er det sjeldan vindstille, men ordførarar og rådmenn frå Sunnhordlands-kommunane forsikra byrådsleiaren at dei for sin del ikkje blæs av Bergen. Tvert om, det er viktig at distrikta byggjer opp under Bergen som landsdelshovudstad. Det er i Bergen det er naturleg å plassera kompetente og ressurssterke miljø som distrikta har lett tilgang til. Om sin eigen navle Anne-Grete Strøm-Erichsen fekk likevel høyra frå fleire, m.a. av Tysnes-ordførar Lorentz Lunde, at Bergen ofte tyktest å vera konsentrert om sin eigen navle. Dessutan hadde ikkje Bergen gjort seg særleg umak dei siste tiåra med å letta tilkomsten til Bergen frå sør. Stord-ordførar Magne Rommetveit minte om at Bergen kommune i si tid ikkje engasjerte seg særleg for Trekantsambandet, men derimot meir for Hardangerbrua.— Og så ser vi at Bergen har skaffa seg gode innfartsvegar frå alle kantar, berre ikkje frå sør. Dette har vi merka oss, og dette stikk i oss, sa Rommetveit.Anne-Grete Strøm-Erichsen tok kritikken til seg, og brukte ein god del energi på å forklara at Bergen no, med ny styreform og ny byregjering, også har fått ein utanrikspolitikk.Som døme nemnde Strøm-Erichsen kulturbysatsinga i fjor, der Bergen gjorde mykje for å dela merksemda om Kulturbyen med distriktskommunane. Sterke felles interesser - De som er frå Sunnhordland må heller ikkje tru at vi frå Bergen ser på Trekantsambandet som eit trugsmål som vil føra Sunnhordland bort frå Bergen. Store delar av Sunnhordland får gjennom Trekantsambandet kortare veg til Bergen enn før, og uansett har vi så sterke felles interesser på så mange område at vi har størst nytt av å samarbeida, sa Strøm-Erichsen. Kyststamvegen Stord-Bergen vart naturleg nok drege fram som det aller viktigaste for eit endå nærare samarbeid mellom Bergen og Sunnhordland.