Grunneigarar og hyttefolk gjer Odd Rasdal sine ord til sine eigne: Elva er dalens perle. OL-deltakaren i friidrett, og initiativtakar til så vel Ulriken Utfor som Kvamskogen Rundt, var tidleg ute som naturvernar. Han slo opp plakatar med korte og fyndige tekstar der folk la frå seg skrot og søppel, før skjellsordet natursvin var oppfunne.

Samordning

— Det er gale nok med kraftleidninga som er spent tvers over dalen. Litt natur må vi kunne overlata til etterkomarane våre, seier Jan Rasdal.

Han er valt til leiar i eit samordningsutval i kampen mot kraftutbygginga. Utvalet mobiliserar framfor BKK-møtet tidleg i februar der konsekvensutgreiinga skal drøftast, og BKK skal avgjera kor omfattande ombygging dei skal søka om. Det er tillyst folkemøte i Valhall på Bolstadøyri i dag, der BKK-ingeniøren Ingvald Midthun vil våga seg inn i løvehola og greia ut om konsekvensanalysen.

«BKK til ta alt»

— Fyljer dei tilrådinga frå BKK Rådgiving AS, blir det søkt om det mest vidfemnande alternativet. Dei vil ta alt. Det er vi sterkt imot. Vi vil at elva skal bestå som ho alltid har gjort, seier Arild Skjelbred, koordinator i utvalet.

Han vil appellera til BKK sitt storsinn. Ottar Tufte, grunneigar som framleis har sauefjøs i dalen, meiner at BKK ikkje har betre miljøprofil enn at dei bør la miljøet vinna denne gongen. Det same meiner Bergen Turlag. Sølve Sondbø vonar at BKK ikkje sender nokon søknad i det heile. Kraftmengdene som kan vinnast, er beskjedne, hevdar han

Punktering

— Dei punkterer enda eit ingrepsfritt område, påpeikar Sondbø.

Rasdalselva står på lista over vassdrag som skal vurderast for varig vern. Utbyggingsplanen går ut på å overføra alt vatn over 500 meter over havet i Rasdalselva og Geit--åni til Bergsdalen. Saman med vatn frå på Bergsdal-sida skal dette auka vassmengda til Fosse Kraftverk. Alt vatnet som renn gjennom dette kraftverket, kan også produsera straum i Dale kraftverk. Det skal ikkje byggast ny kraftstasjon.

Jan Rasdal konstaterer hundre prosent oppslutnad frå eigarane av samtlege ni små gardsbruk og 45 hyttar her oppe i fjellbygda – også fotballproff Alf Inge Haaland.

BEFARING: Sølve Sondbø, Jan Rasdal og Arild Skjelbred diskuterer konsekvensutgreiinga frå BKK Rådgiving AS om utbygging av Rasdalselva.
FOTO: ARNE HOFSETH