Men så lenge reglane er som dei er, seier statsråden at ho ikkje kan gjere noko for at 27-åringen skal få bli Noreg. — Dette er ei av dei sakene som gjer at eg meiner reglane må endrast. Bedriftenes vurderingar av kva slags arbeidskraft dei treng må gjelde, ikkje firkantete reglar i UDI om kven som er ekspertar og kven som er ufaglærte, seier Solberg.

Både som stortingsrepresentant og statsråd har Solberg vore gjort kjent med saka til Tatiana.

-Men eg kan ikkje gå inn og overprøve avgjerder i enkeltsaker. Eg har sjekka reglane, og dei er dessverre slik at ho nok ikkje har rett på arbeidsløyve i dag, seier Solberg.

Den nye regjeringa har varsla at dei vil ha ei endring på dette. Problemet er at det tek tid. Dei nye reglane må både utformast i detalj, sendast ut på høyring og bankast igjennom i Stortinget. Tidlegast om eit års tid trur Solberg at den nye og meir liberale arbeidsinnvandringspolitikken kan setjast ut i livet. Då vil Tatiana for lengst vere sendt heim.

— Slik er det dessverre. Det er ofte enkeltsaker som får oss politikarar til å innsjå at regelverket må endrast. Men for dei sakene som utløyser endringane er det då ofte for seint, seier Solberg, som rår 27-åringen til å halde kontakta med arbeidsgjevaren i Jølster og prøve med ein ny søknad når det nye innvandringsregimet kjem på plass.