TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no Eit selskap med utspring i det sterke fiskerimiljøet i Måløy vil byggje eit landbasert anlegg som skal produsere 3000 tonn laks i året. Anlegget skal plasserast på ein 20 mål stor tomt som kommunen eig i bygda på sørsida av Sognefjorden, melder Fjordenes Tidende.Totale investeringar er kalkulert til i overkant av 50 millionar kroner.Det er selskapet Sogn Marine Farm AS som står bak dei storstila planane på Søreide. Dei driv i dag oppdrett av smolt i Østerbøvatnet på Søreide. Sentrale aktørar i oppdrettsselskapet er Domstein-brørne gjennom selskapet Fjord Domstein, og den utflytta måløyværingen Gunnar Osmundsvaag. Sistnemnde var i si tid ansvarleg fordå Bergensen d.y. ASA i Oslo satsa på oppdrett tidleg på 90-talet.Det vert no opp til regiondirektør Rolf Petter Vetvik i Fiskeridirektoratet å avgjere om selskapet skal få konsesjon. Landbasert lakseoppdrett har ikkje vore forsøkt i Norge på mange år.