• Det er naivt å tru at det ikkje finst rusproblem også i vårt selskap, seier Atle Tornes i Fylkesbaatane.

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane AS vurderer no å innføra umelde promillekontrollar av mannskapet.

— Etter skandalane i HSD har vi blitt meir observante. Men vi må drøfta dette med dei tillitsvalde, seier driftssjef Stig Kristoffersen i Fylkesbaatane.

Tillitsvald Kåre Havnen i Sjømannsforbundet i Fylkesbaatane seier til BT at han er positiv til frivillig testing. Når denne ordninga vert innført, er uvisst.

Verksemda har hatt tilfelle med rusa tilsette på jobb, men administrerande direktør Atle Tornes trur ikkje Fylkesbaatane slit med ukultur.

— Når fem prosent av Noregs befolkning slit med rusproblem er det nærliggjande å tru at det også eksisterer hos oss. Men vi er truleg underrepresentert på grunn av dei strenge reglane våre, seier Tornes til BT.

I går blåste ein matros om bord på ein hurtigbåt gult då politiet kom om bord. Matrosen hadde ikkje høgare promille enn 0,2 og kunne difor etter lova halda fram på jobb.

— Vi har nulltoleranse i høve promille for vårt mannskap og dette er eit brot på retningslinjene. Kva konsekvensar dette får for matrosen er ein personalsak, seier Kristoffersen.

Resten av mannskapet slapp å blåsa då politiet var om bord. Kristoffersen seier til BT at Fylkesbaatane hadde fått tips om at fleire av mannskapet kunne vera i bakrus, men politimannen vurderte det berre som naudsynt å kontrollera matrosen. Kristoffersen poengterer at heile mannskapet, inkludert kioskdama, har viktige roller dersom det skulle skje ei ulukke. Difor vil umeldte promillekontrollar betra tryggleiken om bord.