Forbodsstrekninga inkluderer ulykkesstaden der ei kvinne i 40 års-alderen omkom i september 1996. Ho skulle på arbeid og køyrde personbil mot Voss.

I svingen ved austenden av Seimsvatnet bremsa føraren av eit vogntog kraftig opp fordi han nådde att ein saktegåande traktor. Han fekk sleng på tilhengaren, som feia personbilen av vegen og inn i ein fjellknatt.

— Vi har skiltplanen klar, men må ta ei synfaring saman med lensmannen før det blir avgjort om skilta skal setjast opp, seier Kåre Olav Aldal ved Voss og Hardanger distriktsvegkontor til Bergens Tidende.

Dersom skilta vert sett opp, vil bøndene langs vegen berre ha lov til å kryssa (tvers over) E16 for å koma fram til teigar nedom vegen. To-tre stader er det naudsynt å køyra nokre meter langsetter vegen også. Spørsmålet er kor mange meters avvik det er tale om. Kan det ikkje definerast som kryssing, blir prosjektet skrinlagt. Det er lite sannsynleg at Vegstellet betala for omlegging av driftsvegane.

— Skal skilta setjast opp, må politiet kunne handheva reglane, seier Aldal.

Dersom traktorforbodet vert innført, må traktorane køyra den kronglete gamlevegen som går parallelt med E16 på denne strekninga. Gamlevegen vidare forbi Eideshagen Idrettsplass, mot Geitle (Steine-krysset) er ekstra kronglete. Difor vil det ikkje bli traktorforbod gjennom Knoltatunnelen. Gamlevegen over Lydvo mellom Vangen og toplanskrysset på Kvåle eignar seg heller ikkje som påboden traktorveg.