JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.noByrådsleiaren i Bergen, Anne-Grete Strøm-Erichsen, som i går møtte Samarbeidsrådet for Sunnhordland på Ryvarden fyr i Sveio, måtte høyra at heller ikkje Flesland duger som eksportflyplass for fisk. Nytt for Bergen — Fundamentet under flyplassen er rett og slett ikkje sterkt nok til å bæra dei tunge transportflya som krevst for å ta fiskelastene til Det fjerne austen, seier rådmann Odd Henry Dale i Sveio til Bergens Tidende. Dette var nytt for utsendingane frå Bergen.- Vi har hatt samtalar med fiskeeksportørar med flyfrakt av fisk frå Flesland, men eg har aldri før høyrt nokon seia at grunnen under flyplassen ikkje er sterk nok, seier næringskonsulent Vidar Totland i Bergen kommune til Bergens Tidende.Heller ikkje byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen eller adminstrerande direktør Helge Dyrnes i Bergen Næringsråd har høyrt at Flesland ikkje kan ta tunge transportfly. Planane om ein storflyplass i Sveio er ikkje særleg konkrete enno. Men næringslivet i regionen Sunnhordland/Nord-Rogaland pressar hardt på for å få fortgang i arbeidet. Dale opplyste dei frammøtte på fyret om at vareeksporten med fly kom opp i 98.000 tonn i fjor. Av dette var heile 55.000 tonn fisk. Men prognosane syner at fiskeeksporten med fly vil nå opp i nær 90.000 tonn om berre fire-fem år. På kartet i Sveio - Etter det vi veit, er det berre Gardermoen og flyplassen på Lista som kan bera tunge transportfly. Men det er her i vårt område vi har mest oppdrettsfisk i heile landet, og difor er det naturleg at flyeksporten skjer herfrå, seier Dale.Han legg til at Sveio kommune alt har peika ut eit område nær grensa til Tysvær i Rogaland som høveleg for ein flyplass med internasjonale mål.