PER MARIFJÆREN

Kvinna, som var i 50-åra, vart innlagt på sjukehuset med ein hoven arm ein ettermiddag i oktober i fjor. Klokka 18 vart ho undersøkt av ein sjukehuslege, som vurderte allmenntilstanden hennar som god. Ho skulle opererast, men han meinte det ikkje trong skje straks. Då ho vart lagt på operasjonsbordet klokka 23, oppdaga kirurgane at tilstanden var ein heilt annan.

— Det er vanleg å ta pasientar med infeksjonar til slutt, og legen som undersøkte henne i forkant såg ikkje grunn til å fravike dette, seier sjeflege Oluf Larsen ved Fylkessjukehuset på Eid.

— Men klokka 23 oppdaga vi at tilstanden var alvorleg forverra.Etter operasjonen vart kvinna sendt til Haukeland sjukehus, der ho gjennomgjekk tre nye operasjonar.

Men undervegs hadde behandlinga mot dei aggressive bakteriane gjeve alvorlege komplikasjonar, og kvinna døydde til slutt av nyresvikt. Ho var då komen i respirator til Sentralsjukehuset i Førde.

Fylkessjukehuset har rådd dei etterletne til å søke kompensasjon gjennom Norsk Pasientskadeerstatning.

— Mi haldning er at denne pasienten eigentleg ikkje vart forsømt av oss, men dette skal no ein nøytral instans vurdere, seier sjeflege Oluf Larsen.