TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noLeikangerDet vart riktignok ikkje fleirtal for eit høgst konkret framlegg om å inkludere Møre og Romsdal i fylkestinget i går. Men det er lite tvil om at eit flertal i fylkestinget ønskjer eit forpliktande samarbeid mellom Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal.Framlegget om å ta med møringane fall med 20 mot 19 røyster. I staden støtta fleirtalet eit lausare framlegg om at Sogn og Fjordane skal søkje kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune med sikte på å utvikle konkrete samarbeidstiltak. Fryktar veslebror-status Bakgrunnen for gårsdagens debatt i fylkestinget er eit møte mellom fylkesutvala i dei tre vestlandsfylka i Stavanger tidlegare i vår. Der vart det bestemt å greie ut eit likeverdig og meir forpliktande samarbeid mellom dei tre fylka. Fylkespolitikarane fryktar at Sogn og Fjordane kan verte veslebror i forhold til langt meir folketette Hordaland og Rogaland. Sjølv om det aldri vart sagt direkte under fylkestinget i går, ønskjer nok mange fylkespolitikarar å ha med møringane for å balansere samarbeidet. Svein Ottar Sandal (KrF) ville ha handfaste formuleringar om å trekkje Møre og Romsdal med på vestlandslaget. Ulikskapar Også Liv Signe Navarsete (Sp) var oppteken av ulikskapane mellom Rogaland og Sogn og Fjordane.— Like born leikar best. Difor er det viktig for oss å få med Møre og Romsdal, meinte ho.Liv Signe Navarsete la ikkje skjul på at ho oppfattar store skilnader i målsetjingane for utgreiingsarbeidet som no skal setjast i gang. Storfylke? - Nokre vil ha storfylke. Andre vil behalde fylka, men samarbeide betre, sa Navarsete og la ikkje skjul på at Sp følte seg bekvemme med at det er samarbeidslina som i første omgang skal greiast ut.Fylkestinget i Sogn og Fjordane har nemleg stroke formuleringa frå Stavanger-møtet mellom dei tre fylka der det går fram at det også skal vurderast ei større regional eining på Vestlandet. Altså i praksis samanslåing til eitt fylke. Har ikkje noko val Men om det er stor skepsis til storfylketanken, er det også dei som meiner at Sogn og Fjordane kanskje kan komme i ei stilling der valet ikkje er så stort.- Dersom fylka både sør og nord for oss går inn for samanslåing i større regionar, trur eg det skal verte vanskeleg for oss å oppretthalde Sogn og Fjordane som eige fylke, sa Tor Bremer (Ap).