RAGNHILD HOVragnhild.hov@bergens-tidende.no

Fylkesordføraranes sitt arbeidsutval held seg unna dei store politiske minefelta når dei samlar seg om eit forslag om korleis fremtidas fylkes-Norge skal sjå ut. I følge avisa Kommunal Rapport landar utvalet på til saman 13 fylkeskommuna

På Vestlandet vil dei oppretthalda både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane som eigne fylkeskommunar.

Likeeins vil også utvalet oppretthalda dei tre Nordlandsfylka og Møre og Romsdal som eige fylke. Dessutan skal Østfold framleis vera eige fylke.

Fylkesordførarane byggjer på høyringsuttale frå det såkalla Oppgavefordelingsutvalet og lo-kale initiativ som alt er teke til samanslåingar.

I neste veke møtes det meste som kan krypa og gå innan det politiske og administrative fylkes-kommunale forvaltning i Oslo til fremtidsseminar. Der skal dei laga eit politisk fellesdokument som skal oversendas regjering og Stortinget.

Fylksordføraren Telemark, Anderas Kjær som har leia utvalet seier til BT at arbeidsutvalget meiner at det er fylkeskommunane sjølve som må ta initiativ til samanslåing. Difor byggjer dei forslaga sine på dei forslaga som alt har vore drøftet i dei einskilde fylkeskommunane.

Fylkesordførane er moderne og tenkjer at fremtidas fylkeskommunar skal ha myndighet og ressursar til forpliktande samarbeid både med kommunen, staten og naboregionane i Norden og Europa. Oppgåver må overførast frå Fylkesmannen og statlege regionale etater. Dei skal finan-sierast gjennom frie inntekter.

Les også: Endringar frå årsskiftet