OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordDet Norske Veritas, som har godkjent skrogmaterialet, avviser på si side at det er behov for nye undersøkingar av den nye aluminiumtypen Alustar. Veritas står på konklusjonen om at Alustar er ei minst like god legering som den mest vanlege typen NV 5083, opplyser informasjonssjef Per Wiggo Richardsen i Veritas til Bergens Tidende.Det er ingeniør Alf H. Brekke i Senior Engineering som på vegner av advokat Kjell Steinsbø ønskjer at Marintek i Trondheim undersøkjer "Sleipner"-vraket på ny. Steinsbø representerer ei gruppe pårørande og overlevande. Brekke har funne at plateprøvar i baugen var langt mindre korrodert enn prøvar frå akterpartiet av vraket.Brekke sine ferske skrogundersøkingar har gjort at opphogginga av "Sleipner" er utsett frå 15. januar til 15. februar. Dersom det kjem krav om nye undersøkingar, er Justisdepartementet budd på å vurdera ytterlegare utsetjing, opplyser ekspedisjonssjef Knut Helge Reinskou til Bergens Tidende.