TERJE ULVEDAL

Fylkeskommunen ber Riksantikvaren frede området som inneheld det største helleristningsfeltet i Sør-Norge, melder NRK Sogn og Fjordane.

Midt på 1990-talet vart det sett i verk ei rekkje mellombelse tiltak for å verne om helleristningane. Ei freding vil i praksis innebere at desse restriksjonane på bru-ken av området vert gjort permanente.

Ein del av tiltaka som vart sett i verk, har vore omstridde. Ikkje minst har strenge avgrensingar for publikum som vil sjå dei unike fornminna, skapt reak-sjonar i reiselivsnæringa i Bremanger og Ytre Nordfjord. For å hindre at hellerist-ningane vert øydelagde, har berre eit av-grensa tal guida turar vore lov dei siste åra.