Nor-Way Bussekspress vurderer no tiltak etter at regjeringa vil ta vekk halvparten av kompensasjonen for dieselavgifta. På eit aksjonærmøte sist veke blei det drøfta korleis selskapet skal møte auka kostnader.

— Klarer vi ikkje å få fleire reisande slik at vi tener inn att kostnadsauken, har vi berre to alternativ. Vi kan setje opp billettprisane eller fjerne rabattordningane. Eventuelt kan vi tenkje oss ein kombinasjon, seier administrerande direktør Bjørn Nordberg i Firda Billag.

Selskapet er ein av dei største aksjonærane i Nor-Way Bussekspress som driv eit landsomfattande nett av ekspressbussruter.

«Dyrt nok som det er»

— Kan honnørbilletten forsvinne? Nei, det er ille, seier busspassasjer Ida Bruheim. I Førde har ho gått på Sogn og Fjordane Ekspressen mellom Florø og Oslo. Bruheim skal heim til Årdalstangen.

— For meg kostar billetten 132 kroner kvar veg mellom Førde og Årdalstangen, fortel Bruheim. Dersom pensjonistane må betale fullt, blir prisen dobla.

— Eg reiser ikkje så mykje. Men dei gongene eg gjer det, likar eg best å ta bussen. Men det er dyrt nok som det er, slår årdalskvinna fast.

Irritasjon

I busselskapa er det stor irritasjon over framlegget frå regjeringa om å sløyfe deler av dieselkompensasjonen for ekspressbussrutene. Då ordninga med farga diesel forsvann, skulle ruteselskapa få kompensert avgiftene. I fjor fekk selskap som samarbeider om ekspressbussrutene refundert 60 millionar kroner. Etter at dieselavgifta blei redusert, er kompensasjonen kalkulert til 50 millionar neste år.

Men både Stoltenberg- og Bondevik-regjeringa har gått inn for å halvere refusjonen. Samarbeidsregjeringa ville sågar fjerne ordninga heilt, men har gått tilbake på dette.

- Urettferdig

NSB får derimot halde fram med tilnærma full refusjon.

— Dette opplever vi som veldig urettferdig. Jarnbane vert alltid framstilt som miljøvennleg, men fakta er at 40 prosent av trafikken går med diesellokomotiv. Det er surt å oppleve at så snart folk kjem inn på Stortinget, meiner dei at jarnbanen skal løyse alle kollektivtilbod, seier Nordberg.

25 millionar kroner i redusert refusjon gjer at kostnadene for busselskapa aukar med kring 1100 kroner for ein tur mellom Florø og Oslo og knappe 200 kroner mellom Førde og Bergen.

— Er eigentleg dette så mykje å snakke om, Nordberg?

— Om det er lite eller mykje kan sjølvsagt diskuterast. Men vi må hente inn att desse pengane. Vi reagerer også sterkt på at på same tid som styremaktene signaliserer at fleire skal reise kollektivt, legg dei stein til børa for oss som skal prøve å leggje til rette for det.

DYRT NOK SOM DET ER: 132 kroner kostar honnørbilletten mellom Førde og Årdalstangen på Sogn og Fjordane Ekspressen. – Forsvinn honnørbilletten, er det ille, meiner Ida Bruheim.
FOTO: ODDLEIV APNESETH