TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no

— Det er heilt utruleg at Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) på fagleg grunnlag kan oversjå alle dei tunge innvendingar som har komme mot dette vindkraftverket. Dette viser at vi må ytre oss på heilt andre måtar enn vi har gjort til no. Faglege argument held ikkje, seier leiar i Stad Landskap, Dagfred Berstad, til Bergens Tidende.

Stad Landskap er ein interesseorganisasjon som er skipa for å arbeide mot Statkraft-planane om vindmøller.

Bygginga av vindkraftanlegget er sterkt omstridd. Heile 16 klager har komme inn mot Stad-vindmøllene. Både landsomfattande naturvernorganisasjonar og kulturvernforeiningar har klaga, i tillegg til ei rekkje lokale lag og organisasjonar i Ytre Nordfjord.

Også Sogn og Fjordane fylkeskommune har klaga, gjennom å reise motsegn. Dette er sterkaste måten fylkeskommunen kan protestere på. Klagene rettar seg særleg mot konsekvensar for kulturminne, kulturlandskap, fugle- og friluftsliv. Ikkje minst står plasseringa av vindmøllene i forhold til Selje kloster sentralt i fleire av protestane.

Ingen nye argument NVE meiner klagene ikkje inneheld opplysningar som gjer at vedtaket om at det kan byggjast vindkraftpark på Stadlandet må endrast eller opphevast. Direktoratet sender no saka over til endeleg avgjerd i Olje- og Energidepartementet.

Det var rett før jul at NVE gav Statkraft konsesjon til å byggje eit kraftverk med 35 vindmøller plassert i to rekkjer på Hoddevikfjellet på Stadlandet. Anlegget er eit av dei største vindkraftverk som er planlagt her i landet.

Medrekna rotorblad vert vindmøllene kring 100 meter høge. Det skal lagast veg fram til alle vindmøllene. I tillegg skal det byggjast ein 26 kilometer lang kraftleidning til Bryggja lenger aust i Nordfjord. Totalt er det snakk om investeringar for bortimot 500 millionar kroner.

Drøfte situasjonen I Stad Landskap vil dei no drøfte korleis dei skal leggje opp strategien i kampen mot vindmøllene.

— Avgjerda i NVE overraskar oss ikkje så veldig. Likevel viser dette at det i Norge er nyttelaust å ha ein miljødebatt og -politikk som er tufta på eit fagleg grunnlag. Så snart økonomiske interesser kjem inn i bildet, må miljøomsyn vike, meiner Dagfred Berstad.

— Men er det ikkje god miljøpolitikk å byggje vindkraft?

— Ikkje på Stadlandet, i det landskapet vi har her ute. Det finst mange fullt brukande område i Norge for å plassere vindmøller som er langt mindre konfliktfylte enn Hoddevikfjellet.Leiaren i Stad Landskap vil ikkje vere konkret på kva aksjonsformer dei no vil velje.

— Det må vi diskutere først, seier Berstad.