No reknar eg med at andre tek seg av å læra den aktuelle skribenten om dei politiske prosessane som ligg bak forslaget om bru over Hardangerfjorden mellom Vallavik og Bu. At forslaget om Hardangerbru var eit ynskje om å bruka inntektene frå kraftutbyggingane på vestvidda i Hardanger. Og mest for å utvikla den delen av regionen som gav frå seg det meste av sine naturressursar. Særleg Eidfjord — Ulvik. Og at kommunane i den delen av regionen tok på seg å stå bak viktige deler av finansieringa.

No er det for så vidt greitt at dei står fram med det dei eigentleg meiner, dei som i byrjinga av 90-talet påstod å vera mot bru over Hardangerfjorden. Eg hadde også den gongen ein mistanke om at svært mange av dei eigentleg berre ville ha bru på ein annan stad.

Det som undrar meg er at ein leiarskribent i BT kan stå fram med ein såpass gamal og utdatert modell. Det ser framleis ut til at det viktigaste for Bergen er å koma seg til Oslo og Austlandet. Og helst kunna ha fleire val!?

Av og til ser det ut til at somme i BT har forstått kva som er viktig. I andre høve, som i dette, er avisa heilt bak mål.

Det viktigaste framover må heller vera å utvikla Vestlandet som region, utan å måtta overføra korkje verdiar, menneske, eller vareproduksjon til det unyttige området rundt Oslofjorden.

Då er det viktigare å få effektive transportkanalar frå Egersund, via Stavanger - Sandnes og til Ålesund. Også på den indre strekninga der Hardangerbrua er planlagt, og så godt som finansiert.

Det er i alle fall grunn til å vera glad for at det regionale vegkontoret ikkje vart lagt til Bergen. Då er det heller grunn til å tru at det planlagde kontoret i Leikanger kan få eit anna perspektiv enn det kunna ha fått i ein by der Bergens Tidende er den dominerande meiningsprodusenten.

KJELL KJERLAND,

GRANVIN