— Tenker vi langsiktig, kan vi dra fordelar av det nye sambandet gjennom Aurland og Lærdal, seier Erling Stadheim til Bergens Tidende.Han er ordførar i Vik, og ivrar for heilårsveg under Vikafjellet. - Med ei effektiv tilknyting til stamvegen på Vinje, Vossestrand, får Vik ferjefritt samband til både Bergen og Oslo, og grei veg til regionsenteret Voss, påpeikar han. Men det vil ta minst fem år å få ny veg. I sommar har turiststraumen gjennom Vik minka kraftig. Rundt tredjeparten av gjennomgangstrafikken er borte. Hotelldirektør, krovertar og andre næringsdrivande klagar, og får kjeft av varaordføraren som åtvarar mot sjølvoppfyllande svartmåling.Stadheim har forståing for at dei som har reell grunn til å klaga, får hevda sine synspunkt, men ser også den faren som hans varaordførar har peika på. Og det er nyansar i biletet. Enkelte greier å driva like bra butikk i år, seier ordføraren.- Det har lite for seg å skulda på alle andre. Vi må kvar for oss innsjå at vi kunne ha jobba hardare, både vi i kommunen og den einskilde næringsdrivande, seier han.- Har du tenkt for mykje på heilårsveg dei siste 30 åra, og for lite på sommarturismen?- Det kan tenkast. Men kva kunne vi har gjort annleis? Når det vert investert ein milliard kroner i vegsystem gjennom nabokommunane, er det ikkje rart at trafikkmønsteret vert endra. Lærdalstunnelen ville elles ha vore ein dundrande fiasko, påpeikar han.Utfordringa for Vik blir å få fleire av dei som framleis køyrer gjennom kommunen, og det er ikkje mindre enn to av tre, samanlikna med i fjor, til å stogga.