Og her kjem det:

Underteikna er etter kvart komen i ein alder som tilseier at han er farleg nær målgruppa for opprøret. Det betyr også at han hugsar den tida då dei to frontfigurane, den folkekjære moromannen Rolv Wesenlund og den like folkekjære tv-nostalgikaren Vidar Lønn-Arnesen, var relativt unge. Og for dei som ikkje har opplevd denne tida, må ein del saker forklarast.

For å ta Wesenlund først, så var han ein gong noko heilt nytt i norsk humor. Norsk humor før Wesenlund (på sitt beste i samarbeid med Harald Heide-Steen jr.) var ikkje verd å snakke om. Det var flaue Chat Noir-revyar, og det var Arve Opsahl under namnet Bottolf. Ikkje særleg morosamt.

Ut av det store ingenting kom så Rolv Wesenlund, ein tidlegare jazzmusikar og plateprodusent, og gjorde ting ingen før hadde sett eller høyrt. Han tilførte norsk moro ein anarkisme som den sårt trong (det er ikkje heilt feil å samanlikne med det Monty Python gjorde med humoren på verdsbasis), og det er freistande å påstå at om ikkje Rolv Wesenlund og hans nærmaste hadde dukka opp, ville norsk humor i dag vore død. Og det at den same Wesenlund i dag er gammal og sur, skal ikkje rokke ved dette. Historielaus har ein ikkje lov å vere. Wesenlund var ungdommens mann, utan tvil, men appellerte også til dei noko eldre, som — viste det seg - også var møkk leie av Arve Opsahl og Chat Noir.

Kva skjedde så, og kvifor er Rolv Wesenlund i dag den han er blitt?

Ting gjekk ikkje heilt Wesenlunds veg. Appellen til dei litt eldre blei truleg for freistande. I dag hugsar dei fleste han kanskje best som figuren Marve Fleksnes i serien av same namn. Ein grei nok serie, men ikkje meir enn halvmorosam, og noko heilt anna enn det som var Wesenlunds utgangspunkt. I tillegg har han spelt hovudrolla i filmen om Bør Børson og elles vore med på mange ting, som har det til felles at dei ikkje fortener å bli nemnde under overskrifta God og/eller minneverdig humor. Siste gong Wesenlund hadde sitt eige show på NRK, for nokre få år sidan (igjen saman med Heide-Steen), var det ingenting att.

I mellomtida hadde mannen funne seg eit anna felt å arbeide på, som såkalla rikssynsar, ein kar som uttaler seg om nær sagt kva som helst, med lett høgrepopulistiske synspunkt. Og han har hatt sitt eige talkshow på TVNorge, eit roleg program med appell til dei som har levd ei stund.

Vidar Lønn-Arnesen , mannen som ytre sett alltid vil vere like ung, er eit kapittel for seg. I dag er han berre kjend for utagerande allsong og permanent smil, og det evige programmet Da Capo på NRK. Men også han hadde ein gong ei anna side.

Han var på 60-talet programleiar for Ti skuddet på radioen, den tidas einaste pop-program. Folk på min alder, som høyrde på dette programmet, har i vaksen alder lett for å gløyme det og ta avstand frå det. Det var eigentleg Harald Are Lund og «Platespilleren» ein høyrde på. Fordi Lønn-Arnesen er blitt kjend som ein som spelte dårleg norsk pop og dårleg country. Men her må ein yte mannen rettferd. Ti i skuddet var eit viktig program for ungdom på 60-talet. Og han spelte både god og dårleg countrymusikk. (For slik er det med country, det ein lenge trudde var dårleg, viste seg å vere bra.) Og no er han altså her, den aldrande og evige ungdom, i spissen for senioropprøret, med allsongen som våpen.

Når no desse to karane er presenterte for ungdommen, kan vi gå vidare. Det mest forunderlege i heile denne saka er ikkje at det kjem eit «senioropprør». Her er det berre den organiserte forma som er av nyare dato. Heilt frå dei gamle grekarar si tid, veit vi at dei eldre har klaga på ungdommen og meint at dei har dominert for mykje. Dei har alltid spelt for høg musikk og drukke litt for mykje på laurdagskvelden og vore litt for storkjefta og hatt for dårlege manerar, og ein har sett svart på at dei ein gong skulle ta over det heile.

Og sjølvsagt ligg det noko reelt bak der ein plass. Mange som er over sin første ungdom kjenner seg verkeleg tilsidesett i det offentlege lyset og i arbeidslivet. Men slik har det også alltid vore, og ikkje utan grunn. Generelt sett finn ein no ein gong skjønnheit, energi og dei beste ideane hos dei litt yngre. (Og tru meg, det svir å måtte inn rømme det. Einaste trøysta er at dei også vil bli eldre.)

Det mest forunderlege er rett og slett personane bak «opprøret» (og her vel eg å sjå bort frå alle dei andre, meir ubetydelege, som også står på lista, sjølv om dei no kjem til å sende meg hatbrev). Rolv Wesenlund og Vidar Lønn-Arnesen. Kven skulle ha trudd. Dei som ein gong i tida var ungdommens menn, Mr. Komedie og Mr. Populærmusikk, men som så tidleg blei eldre.

Dette er hovudårsaka til at «senioropprøret» aldri vil få noko særleg vind i segla: Frontfigurane skaper, i eigenskap av kven dei er, eit inntrykk av at dette dreier seg om komedie og populærmusikk. Wesenlund og Vidar Lønn som seriøse samfunnsdebattantar? Det går berre ikkje. Og då blir det noko ekkelt over det heile, og - om ein vil - farleg. For då skjøner ein kva dei verkeleg vil. Tilbake til ei verd der Arve Opsahl som Bottolf (eller til nød Fleksnes) er komediens konge, og der songar som «Jo mer vi er sammen» herskar. Og alt i alt trur eg ikkje at det finst så mange som vil tilbake dit.