Endeleg kom statsråden på bana og forklarte seg, og vi står igjen med eit overforbruk på ca. kr 13.000 i forhold til regulativet, som statsråden til overmål vil dekke av eiga lommebok.

Det er meir enn tydeleg at media ikkje har vore særleg interessert i kvifor det er blitt brukt meir pengar enn regulativet tilseier. Victor Norman har som statsråd oppnådd mykje meir på to år enn nokon statsråd før han har klart i heile si fireårige tid, med tanke på modernisering av statsapparatet. Svært store saker er blitt gjennomført; nemner utflytting av tilsyn frå Oslo.

For å få til forhandlingar og ikkje minst oppnå resultat må ein av og til ty til utradisjonelle metodar, nemleg premiere for godt samarbeid og godt arbeid. Det er nærliggjande å påstå at andre statsrådar enn Victor Norman, truleg ville brukt betydeleg lengre tid på denne oppgåva og dermed sløsa bort meir midlar enn nokon kan førestelle seg. Lenger tidsbruk betyr meir pengar. Dette er ein tenkjemåte som ikkje er lett å få forståing for i den offentlege, statsstyrde verda og frå dei som har spesielle sympatiar for dette systemet jfr. Ap og SV. Forbausande nok kastar Frp seg inn på arenaen og viser nærmast til misbruk av skattebetalarane sine pengar. Eit parti som Frp, som i mange høve har ivra for effektivitet frå statens side, angrip no utvist effektivitet frå statsmakta, forstå det den som kan. Frp kan umogleg ha tenkt gjennom denne saka godt nok.

Det er ingen som forsvarer ureglementær oppførsel eller forbruk, men når her kan visast til resultat som er gode og arbeid utført effektivt på rimeleg kort tid, bør det vega like mykje som den negative sida. Realiteten er at statsråden truleg har spart skattebetalarane for millionar av kroner.

ARVE MJØMEN