Nå nærmar valet seg. Då er det viktig at folk flest ikkje vik unna sitt viktige ansvar i eit demokrati: Gå og røyst! Kvar skal ha støtte til å røysta etter si overtyding. Partival er ikkje ei lettvint sak. Ein må gjerne vurdera både enkeltsaker, men først og fremst vurdera heilskapen.

Sjølv har eg ikkje vanskar med å seia at no bør alle som har sympati for KrF si rolle og verdifokus i norsk politikk, gå til stemmeurnene! Denne valkampen har synt til fulle at motkreftene mobiliserer! Mitt råd er då dette: Ingen KrF-sympatisør må sitja heime den 15. september!

KrF kan spela ei nøkkelrolle i samansetjinga av både fylkesting og kommunar. Eg kjenner mange av førstekandidatane i Hordaland fylke og kommunane rundt omkring. Det er all grunn til å gje dei tillit! I Hordland har partiet ein svært dyktig kandidat til fylkesordførarvervet. Nverande varaordførar Torill Selsvold Nyborg bør løftast fram til ordførarstolen på måndag! I Bergen kan KrF syta for at det beste i alle politiske miljø får samla kreftene til gagn for oss innbyggjarar! Men då er det viktig at folk røystar KrF og vernar om byen sin dyktige ordførar Kristian Helland i same stolen etter valet. Med glimt i auga kunne eg leggja til: Hald fram med å kjøpa «Friele-kaffe» så Herman Friele kan få behalda det som levebrød også dei neste fire åra!

Det kan vera mange grunnar til å stilla spørsmål til KrF sine kandidatar både i fylke og kommunar. Det bør ein fortsetja med etter valdagen også. Eg håpar også at partiet og tillitsvalde evaluerer godt og trekkjer mange gode krefter med seg i det politiske arbeidet framover. Partiet har ikkje råd til noko anna! Men skal ein nå fram med ønske og råd, må vi gje KrF eit sterkt mandat i valet. Utan eit sterkt KrF vil det sjå annleis mørkt til i landet både i bygd og by. Godt val!

KARL JOHAN HALLARÅKER,

BERGEN