Staten vedtek gode hensikter, men det er lokalpolitikarane som kjem i store dilemma. Ansvaret for det som skjer vert pulverisert, og Kommune-Norge vert gislar for den skremmande utviklinga. Kommune-Norge vert framstilt som udugelige og uhederlige, og lokalpolitikarane er utan evner til å forklara kvifor dei ikkje kan ta ansvar. Staten Norge er i ferd med å trå feil, og resultatet er at ein er på god veg til å undergrava velferdsstaten. Situasjonen er etisk uverdig.

Siste utspel frå regjeringa kom denne veka. Dei vil no foreslå å kutta i barnetrygda og i småbarnstillegget for å finansiera barnehageforliket mellom SV, Sp, Ap og Frp. Dette er den høgredominerte regjeringa sin klare politiske profil. Dei prioriterer skattelette til dei rikaste, noko dei fleste barnefamiliar og pensjonistar merkar svært lite til. 35 prosent av alle kommunane må gjere store nedtrekk i skulebudsjetta på grunn av ein kommuneøkonomi i krise. Kommunane har for lite pengar til ei verdig og forsvarleg drift av eldre og pleietrengande.

For Sp vil det vera svært viktig å få meinig-mann til å forstå samanhengen mellom det parti ein stemmer på ved valet, og den politikken som vert ført. Sp vil sjå på heile skattesystemet. Vi må inn og styra rentepolitikken mellom anna i Norges Bank og dei andre statsbankane: vi vil bruka noko av oljefondet til å retta opp att ein del av feilprioriteringane i Velferds-Norge, og vi vil sjå på forvaltninga av folketrygdfondet vedk. aksjespekulering. Vi har nådd ei grense — vi vil ikkje vera med å gjera meir ugagn mot dei svakaste i samfunnet.

HANS SOLBERG, SAMNANGER Sp