Av Tore Bergum,Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland

Innsendaren ramsar opp 20-30 samfunnsproblem, og gjer ein enkel analyse: 1) Vi er svært rike, 2) Vi har likevel problem, derfor 3) Vi må få heilt andre folk til makta.

Denne vurderinga er nokså vanleg, men litt for enkel etter mitt syn. Det blir for dumt å summere alt ein er misnøgd med og legge skylda på «regjeringa» «Ap/sentrum», eller endatil «politikarane». Den siste varianten minner om Frp sitt gamle(!) slagord «Mobb ein politikar».

Den visstnok folkelege artisten Rune Rudberg skal ha uttalt om politikarar: «Politikken overlet eg til dei apekattane, så tek eg meg av damene.» Dette er vulgærversjonen av den primitive teorien at «folk flest (kven no det er) med sin sunne fornuft står i eitt og alt i motsetning til alle politikarar og embetsmenn».

Eg har meir tru på Johan Galtungs både-og-prinsipp. Det må gå an å kritisere makta og systemet, men samtidig sjå årsaker og samanhengar, og ikkje minst gå litt i seg sjølv. Ein kan ikkje få både skattelette og meir offentleg velferd, både billegare mat og tryggare mat.

Til dømes.

Typisk for den enkle «folk flest»-analysen er også at misnøya har vidt ulike årsaker, men likevel enkle svar. Mange av problema som vert lufta rundt dei tusen lunsjbord kallar på typiske Frp-løysingar, andre skyldast nettopp den liberaliseringa av samfunnet som Frp vil ha meir av. Men om spørsmåla er sprikande og kompliserte, er svaret ofte enkelt og eintydig: «Vi må velje noko heilt anna enn før. Sidan Hagen snakkar om det same som oss, verkar tøff og tydeleg, (og han har ikkje «prøvd seg» i regjering før), må det nok bli Frp. Og er vi ikkje bekvemme med det, då held vi oss heime på valdagen, så kan desse politikarane ha det så godt».

I eit u-land kor dei lågt utdanna og fattige har valet mellom ein forhatt diktator og den første lovlege opposisjonskandidaten på 30 år, forstår eg godt at både analyser og svar blir noko enkle: Gi oss noko heilt nytt – same kva! Men står det så ille til med oss da – med meir openheit og opplysning, høgare utdanning og betre tid til å orientere oss enn nokon gong? Orkar vi bry oss, tenke litt lenger enn til framsida av VG, når vi skal forme samfunnet gjennom stemmesetel, samt daglege handlingar og kommentarar? Vi får stort sett det samfunnet vi ber om.