Ei av årsakene er at det i mange år har vore ei sentralisering/ «innsparing» ved å flytta elevar frå små skular til større skular for å fylle opp klassane. Nyare forsking i Sverige viser at elevar i små klassar får betre resultat enn elevar i store klassar. Klassar med 15 elevar får betre resultat enn klassar med 22 elevar. Forskinga i Sverige samsvarar med tilsvarande forsking i USA. Dei politikarane som er opptekne av kvalitet i skulen kan ikkje sjå bort frå resultatet av denne forskinga. Det er vel ikkje så mange politikarar som har lagt vekt på dette i det siste. Enkelte har faktisk gått inn for å fjerna maksimumsgrensa på 28/30 elevar i klassen. Skulle gjerne visst kva forsking som ligg bak slike forslag.

Det som kanskje er vanskelegare å få forståing for er vel at dei små klassane/skulane kostar mindre enn dei store. Dette er også ein påstand som har bakgrunn i svensk forsking. Professorar i nasjonaløkonomi åtvarar mot å kutta i skulebudsjetta for å spara pengar. Ein vil berre påføra samfunnet ekstra kostnader. Dei hevdar faktisk at det vil bli ein samfunnsøkonomisk gevinst av å redusera talet på elevar i klassen.

Vi har jo også i det siste lese ein del om det høge sjukefråværet og dei mange uføretrygda i Noreg. Det å fylla opp alle skular/klassar og fjerna dei fleste delingstimane, gjer ikkje arbeidssituasjonen for dei tilsette betre. Men det uroar kanskje ikkje lokalpolitikarane at vi får fleire på trygd. Det skal jo dekkast av eit anna budsjett. Ei anna side av same sak er at vi får dårlegare kontroll over dei såkalla problemelevane ved å samla elevane i store skular/klassar og i tillegg fjerna det meste av delingstimane. Timar som ein treng for å ta seg av elevar med særskilde behov.

Då den svenske kriminalinspektøren Hans Svensson var på besøk i Noreg, vart han skremt over debutalderen for både kriminelle handlingar og for bruk av alkohol. Han viste til at ein tenåring som vart kriminell, kosta heimkommunen 16 millionar før han var 25 år. Samtidig kosta det mellom 8 og 12 millionar å lønna ein lærar eller ein ungdomsarbeidar heile yrkeslivet igjennom. (tala er frå 1990). Det har alltid vore rimelegare å driva førebyggande arbeid enn å reparera i etterkant.

Eg nektar å sjå på ei lærarstilling som ein utgiftspost etter dette.

Det er jo ein rein overskotsressurs for kommunen.

Kanskje auken i ungdomskriminaliteten kan ha samanheng med dei stadige nedskjeringane?

Eg er klar over at det er vanskeleg å vera lokalpolitikar og at ansvaret for nedskjeringane kanskje ligg høgare oppe i systemet, men finst det politikarar som kan ta eit samfunnsøkonomisk ansvar, så må dei koma på banen straks og redda oss frå fleire nedskjeringar og hindra auka utgifter for samfunnet.

Av Lars Håbrekke,rektor ved Tunes skule